Facebook ikon Twitter logo Print side

Jule- og nyårshelsing frå ordføraren

Det nærmar seg jul med stormskritt, og dei tilsette har starta nedtrappinga til ein god og velfortent juleferie. Det har vore eit svært travelt år med mange små og store hendingar som har sett sitt preg på kvardagen vår.

Ordførar Marianne Sandahl BjorøySykkel-VM har vore vårt store arrangement dette året

Sjølv om Sykkel-VM berre var over to dagar i vår kommune, så har vi likevel arbeidd med Sykkel-VM gjennom heile året.
Politikarane og dei tilsette sine forventningar og ønske om å skapa ein folkefest i region vest, vart oppfylt. Dagane 23. og 24. september vil i framtida vera merkedagar for oss. Det var då innbyggjarane mobiliserte, stilte seg opp langs vegane og skapte den folkefesten som vi berre kunne drøyma om. Dette vil vera minne for livet og som vi vil sjå tilbake på med stor glede.

Kommunereform

Kommunereforma pregar organisasjonen, og mange tilsette er og vil bli involverte i denne omstillingsprosessen. Nokre tilsette kjenner på uvisse omkring sitt eige tilvære og uvisse om si eiga rolle i den nye kommunen.

Det har eg forståing for. Vår rolle, som folkevalde, er å syta for at alle skal kjenna seg trygg for sin eigen situasjon. Intensjonsavtalen, som seier at ingen skal mista jobben, står fast. Det kan likevel vera slik at nokre tilsette vil få ein ny arbeidsstad og nye arbeidsoppgåver. Dette er ein utfordrande prosess, og det krev mykje av mange. Men eg er viss på at vi saman skal kunna byggja ein ny og stor kommune som det vil vera attraktivt å bu og arbeida i.

Opning av ny barnehage

I september 2017 var det offisiell opning av Hamramyra barnehage på Ågotnes. Dette er den nyaste av dei kommunale barnehagane i Fjell kommune. Barnehagen har plass til om lag 130 barn. Mange har spurt etter fleire barnehageplasser i Ågotnes-området. No er dette oppfylt. Hamramyra barnehage er ein flott og topp moderne barnehage som eg er viss på at alle barna vil trivast i.

Lansering av ny bygdebok

Den 29. november 2017 var det boklansering av band seks av Fjell bygdebok. Boka har fått tittelen «Mellom havet og byen» og er på 720 sider. Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om samfunnsutviklinga frå 1700 til 1910. Her vert historia til Fjell kommune gjennom 200 år dokumentert. Forfattar er Halvor Skurtveit. Eg anbefaler boka, og skulle du mangle ei siste julegåve nå i innspurten, så er dette ein flott gåve å gje bort.

Dette er nokre små tilbakeblikk på kva som har hendt i 2017. Eg kunne trekt fram meir, men eg nøyer meg med dette i denne omgangen.

Eg vil nytta høvet til å takka alle tilsette for den innsatsen dei har lagt ned gjennom året, ein innsats til beste for alle innbyggjarane i Fjell kommune. Det er ei gleda å vera ordførar i ein kommune som Fjell. Når vi klarer å skapa ein folkefest, som vi klarte saman under sykkel-VM, då kjenner eg på stoltheit.

God jul og godt nytt år alle saman!

Marianne Sandahl Bjorøy
ordførar


Publisert: 22.12.2017 14:15
Sist endret: 21.12.2017 14:21