Facebook ikon Twitter logo Print side

Kåra vinnarar i skrivekonkurranse

I føremiddag vart dei tre vinnarane av skrivekonkurransen «Å vera ung på Sotra» kåra. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kalla fram Hans Vilhelm Viksøy (1. plass), Anna Knutsen (2. plass) og Jakob Lie Frantzen (3. plass) framfor dei 40 elevane som var på plass i kultursalen i rådhuset i dag. Elevane på dei tre ungdomsskulane i Fjell deltok i konkurransen.

 Dei tre vinnarane, Anna Knutsen, Hans Vilhem Viksøy og Jakob Lie Frantzen saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorø.       
Dei tre vinnarane, Anna Knutsen, Hans Vilhem Viksøy og Jakob Lie Frantzen saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorø.

           Det lyd eit skrik over heile Sotra.
          Alle stoppar. Jente (14) har ikkje meir mobildata.

Slik uttrykte Hans Vilhelm Viksøy seg i sitt novellebidrag. Det var ingen ringare enn forfattaren Frode Grytten som var jury og som hadde plukka ut dei tre vinnarane. Det hadde kome inn over hundre flotte bidrag til konkurransen.

- Med tre setningar maktar Viksøy å lage ei vittig og overraskande forteljing om ungdomens dårskap, skriv Grytten i grunngjevinga for førsteplassen til Viksøy som er elev på Danielsen ungdomsskule. Les heile grunngjevinga her.

          «Kan du bli min igjen!»
          Dei høyrer bølgjene plaske mot kaia,
          ho ser på han. «Men denne gongen må du
          love å ta meg imot når eg fell for deg.»

Slik er novella til Anna Knutsen (Danielsen ungdomsskule) som kom på andreplass.

- Ei heil kjærleikshistorie er på plass gjennom to replikkar og ei lita setning med skildring. ...... Det er nydeleg skrive, og historia landar på finaste vis, står det i grunngjevinga. Les heile grunngjevinga her.

          Gut (18) rånar på Sotra.
          Fire nullar på grillen
          og ein bak rattet.

Denne novella fekk tredjepremie. Ho er skriven av Jakob Lie Frantzen (Fjell ungdomsskule) og er ifylgje Grytten ei «ekstrem effektiv forteling, ei ultrakort historie som tvingar lesaren til å dikte med.

- Lie Frantzen veit at det er Audi-sjåførane som er dei verste ute i trafikken, skriv Frode Grytten i grunngjevinga for prisen. Her er heile grunngjevinga.

Ein del av «Stolt av eige språk»

Utdelinga skjedde i kultursalen i Fjell rådhus.
Utdelinga skjedde i kultursalen i Fjell rådhus.


Det er prosjektleiar for nynorskprosjektet «Stolt av eige språk», Jorid Saure, som står bak idéen og gjennomføringa av skrivekonkurransen. Vestnytt og NRK Hordaland har gjeve prosjektet god spalteplass.

- Vi har mange skriveføre elevar, og dette vil vi gjerne visa fram. Vi er glade for at ein av våre viktigaste samtidsforfattarar, Frode Grytten, tok på seg å plukka ut vinnarane i konkurransen, sa Jorid Saure då ho ønskte dei frammøtte velkomen i dag.

Skulesjef Wilhelm Anglevik viste til prosjektet «Stolt av eige språk» som Jorid Saure leiar i eit tett samarbeid med Universitetet i Bergen.

- Vi er stolte av språket, men i dag er vi først og fremst stolte av dykk. Eg vert ekstra stolt når eg går forbi resepsjonen med oppslaga av kortnovellene. Då vi gjekk på skulen, var vi ikkje så flinke som dykk. Då var det ikkje så kult å bruka ein nynorskprega dialekt. Vi er avhengige av at de tek var på nynorsken, sa Anglevik.

Her er fleire bilete frå kåringa og utdelinga i dag:

Hans Jakob Lie og Marianne Sandahl BjorøyAnna Knutsen og Marianne Sandahl BjorøyJakob Lie Frantzen og Marianne Sandahl BjorøyJorid SaureWilhelm AnglevikHans Vilhelm Viksøy og Anna KnutsenSkulesjef Wilhelm Anglevik overrekte blomar til Jorid Saure som har stått i spissen for skrivekonkurransen.




Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Publisert: 14.12.2016 15:24
Sist endret: 14.12.2016 15:45