Facebook ikon Twitter logo Print side

Katarina vann sykkel til ein verdi av fem tusen kroner

Nokre minutt etter klokka 16 i dag kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy avsløra kven som vart den heldige vinnaren av ein sykkel til ein verdi av fem tusen kroner. Katarina Fjell (14) kan no gle seg over ny sykkel som start på sykkelsesongen.

Her trekkjer ordføraren lappen med namnet på den heldige vinnaren av ein sykkel. Lisa Marie Røynestad hjå Plan- og utbyggingssjefen ser til at alt vert gjort etter boka.
Her trekkjer ordføraren lappen med namnet på den heldige vinnaren av ein sykkel. Prosjektleiar for Sykkelbyen Straume, Lisa Marie Røynestad hjå Plan- og eigedomssjefen, ser til at alt vert gjort etter boka.

Basecamp Repro hadde i dag vårkampanje med gratis sjekk syklar til ein verdi av to hundre kroner. På toppen av dette kunne alle som var innom Basecamp Repro i dag vera med i trekninga om ein sykkel. 50 personar var med i trekninga. 18 syklar fekk ein enkel sjekk i løpet av dagen.

Dagleg leiar i Basecamp, Jon Andreas Tjentland, seier at rusta vaierar, utslitne bremseklossar og rusta kjede var mellom dei feila som gjekk i igjen.

Victoria Nordbø, som går i 2. klasse på Liljevatnet skule, hadde også håp om å vinna sykkelen. Men det vart ingen gevinst på henne..........denne gongen.
Victoria Nordbø, som går i 2. klasse på Liljevatnet skule, hadde også håp om å vinna sykkelen. Men det vart ingen gevinst på henne..........denne gongen.

Vårkampanjen var eit ledd i sykkelstrategien til Fjell kommune.

- Med denne vårkampanjen får vi også presentert kva vi har å tilby på Basecamp Repro, men hovudmålet med kampanjen er å stimulera til sykkelbruk, seier Jon Andreas Tjentland.

Les meir om sykkelstrategien til Fjell kommune her

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire foto frå vårkampanjen:

 


Sist endret: 11.04.2019