Facebook ikon Twitter logo Print side

Kjøp av utleigebustader er forankra i vedtak

På bloggen Tunnelsyn er det fleire innlegg med påstandar om at leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, blandar rolla som næringslivsaktør og politikar når det gjeld Fjell kommune sitt kjøp av 18 utleigebustader i Straumehagen. Det vert også hevda at rådmannen v/ Bustadkontoret favoriserer komitéleiaren ved å gå til innkjøp av utleigebustadene i Straumehaugen utan at kjøpet har vore ute på anbod.

Straumehagen (foto: Monica Hovland)
Straumehagen (foto: Monica Hovland)

Rådmannen ønskjer ikkje å gå inn i nokon polemikk med Tunnelsyn, men finn det rett å informera om kva som er grunnlaget for Fjell kommune sitt arbeid med å skaffa tilrettelagde bustader.

Aktuelle vedtak

I mars 2006 vedtok kommunestyret kommunedelplan for Straumeområdet. Der går det fram at rådmannen får fullmakt til å forhandla med grunneigarar om kjøp/innløysing av eigedomar avsett til «byggjeområde friområde». Året etter, i august 2007, godkjende kommunestyret planprogrammet for Straume sentrum. I vedtaket vert det mellom anna understreka at «Straume skal vera ein kompakt, urban og vakker møtestad for alle, med ein tydeleg identitét». Det er også presisert i vedtaket at eksisterande overflateparkering i størst mogleg grad skal erstattast med parkeringanslegg (underjordisk). Det inneber at det som no vert kalla Kystbygarasjen skal koplast opp mot nye bustader og andre bygg i planområdet.

I 2011 godkjende kommunestyret områdereguleringsplan for sentrum av regionsenteret Straume. I vedtaket går det fram at «utbygginga skal bidra til å styrkja mangfaldet av bustader i Straume», og i plandokumentet vert det understreka at målet for planen er å «skapa ein ny bystruktur og leggja til rette for nye og samansette funksjonar». Alle desse planane og vedtaka knytt til planane understrekar at Straume skal utviklast frå eit kjøpesenter til eit bysenter med eit mangfald av bustader og eit godt offentleg tenestetilbod. Dette samsvarar også med det som går fram av den fylkeskommunale planen; «Regional plan for attraktive senter i Hordaland - senterstruktur, tenester og handel» der det heiter «at sentrum skal ha god balanse mellom handel, private og offentlege tenester, kultur-tilbod og bustader».

Dette vert også følgd opp i behandlinga av kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. I dette plandokumentet vert det lagt til grunn at eit kommunalt bustadkontor skal sikra at brukaren vert sett i sentrum og vert gjeve ein så heilskapleg oppfølging som mogleg. Bustadkontoret v/ Servicetorgsjefen skal også skaffa og tildela bustader og administrera bruken av økonomiske verkemiddel. Denne planen vart godkjent i kommunestyret i februar 2014.

I juni 2015 vedtok Fjell kommunestyre «Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020». Der vart det sett av 40 millionar kroner til anskaffing av nødvendige bustader til målgruppa i planen.

I samband med budsjettbehandlinga for 2016, vedtok kommunestyret i desember 2015 mellom anna økonomiplanen 2016-2019 (investeringsprogrammet) der det går fram at det i perioden er sett av 40 millionar kroner til bustader knytt til rus, 100 millionar kroner til andre bustader og 70 millionar kroner til bustader til flyktningar.

Oppfølging

Det er desse vedtaka og planane som er grunnlaget for rådmannen sitt arbeid med å skaffa tilrettelagte bustader. Gjennom deltaking i Bustadsosialt velferdsprogram og eit omfattande bruk av tilskotsordningar frå Husbankten, har Fjell kommune funne gode innkjøpsordningar som sikrar bustader til dei som har eit særskilt behov. Rådmannen har informert dei aktuelle politiske organa om arbeidet med dette. I delegasjonsreglementet vedteke i september 2016 heiter det at rådmannen har fullmakt til å inngå og underteikna kjøps- og leigeavtalar o.l. for bygg, eigedom og driftsmidlar.

Ved behandling av saker knytt til innkjøp, har leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, vorte erklært inhabil. Rådmannen har i arbeidet med å skaffa bustader lagt stor vekt på å følgja alle aktuelle lovar og forskrifter. Dette gjeld mellom anna anskaffingslova. Det er difor ikkje grunnlag for å hevda at «komitéleiar løyvde millionar kroner til eiga verksemd». Fjell kommune sine innkjøp er fullt ut forankra i dei måla som ligg til grunn i planar og vedtak.

I kontrollutvalet den 28. mars vart saka om kjøp av 18 utleigebustader teke opp. Utvalet fekk orientering frå leiinga i kommunen. Kontrollutvalet kan ikkje sjå at det er gjort feil i behandlinga av saka.

Lokaldemokrati

For oss fungerer lokaldemokratiet slik at dei folkevalde gjer sine vedtak i kommunestyret og andre politiske organ. Det er administrasjonen si oppgåve å følgja opp desse vedtaka. Eg vil også leggja til at i Fjell er det tradisjon for at også næringslivsaktørar deltek i lokalpolitikken. Det er eit viktig bidrag for at vi kan ha eit fungerande lokaldemokrati.


Steinar Nesse
rådmann

 



 


Publisert: 30.03.2017 13:36
Sist endret: 30.03.2017 13:41