Facebook ikon Twitter logo Print side

Klart for budsjettbehandling i kommunestyret

Torsdag den 14. desember skal kommunestyret ta stilling til budsjettet for 2018. Også kommuneplanen sin handlingsdel og investeringsbudsjettet skal vedtakast.

Illustrasjon
Foto: Colourbox

Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,79 milliardar kroner, medan det etter behandlinga i komité for drift og forvaltning kan verta investert for om lag 267 millionar kroner i 2018, inklusive 100 millionar kroner til lokalmedisinsk senter.

Andre saker i kommunestyret den 14. desember

  • Rapport etter forvaltningsrevisjon 2017 - tilpassa opplæring, spesialundervisning og samarbeid med 
  • Kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021, Årsbudsjett 2018, Økonomiplan 2018-2021
  • Temaplan for avfall 2017-2025. Sluttbehandling.
  • Detaljreguleringsplan for Landrovegen gnr 27/460 m.fl. - Polleidet. Ny sluttbehandling.
  • Køsituasjonen tilknytta Rv555 på Litlesotra - drøfting og framlegg til tiltak.
  • Tildeling av einerett til innhenting av hushaldsavfall
  • Endring i ekteskapslova frå 01.01.18 - kommunale vigslar
  • Ny behandling - forskotering og lån til rehabilitering av 11'arbane på Skålvik

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00,

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 08.12.2017 13:09
Sist endret: 08.12.2017 13:16