Frå mattemaraton i fjor
Lærar Inge Fagerlid opplyser at fire klassar er kvalifisert til finalen i august. Foldnes skule ligg på tredjeplass i Hordaland. Drammen, Oslo og Asker har prioritert konkurransen og ligg langt framme.
- Maratonkonkurransen starta 1. mai, og gjennomsnittleg har elevane gjennomført 1 100 oppgåver. Totalt har elevane løyst 93 tusen oppgåver, opplyser Fagerlid som er godt nøgd med innsatsen også i år.
Det er førebels ikkje avklart i kor stort omfang Foldnes skule skal delta i finalen i år.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 02.06.2017