Facebook ikon Twitter logo Print side

Klart for Ung-prosjekt Tranevågen

Tysdag den 20 desember klokka 19 vert stolane i Sotra Arena fylte opp med eit forventingsfullt publikum. Elevane på Tranevågen ungdomsskule er klar for å presentera «Tranegalla-heilmaks underhaldning».

 

Frå Ung 2015
Frå Ung 2015

For ein hundrelapp får du mykje for pengane. Du kan kjøpa billett på skulen i skuletida eller ved inngangen før framsyninga. Møt opp i god tid! Les plakaten her.

I fleire år har Tranevågen ungdomsskule hatt ei stormønstring like før jul. Dei første åra vart dette gjort i Grieghallen, medan dei siste åra har Sotra Arena vore staden for denne storsamlinga.

Ill

Ung-prosjektet er ein del av valfaget som alle elevane har dei tre år dei går der. Her får elevane utvikla og arbeida innanfor sine talent- og interesseområde. Gruppene er sett saman på tvers av trinna, nye vennskap spirer, og samhaldet til elevane vert styrkt.

Vel hundre elevar har valfaget «sal og scene». Desse er delt inn i grupper som band, vokalgruppe, dans og drama, og det er denne gjengen du vil oppleva på scena i Sotra Arena tysdag kveld. I år er tittelen «Tranegalla» der du kan oppleva musikk og dans frå filmverda med humor og «besøk» av kjende og kjære skodespelarar og dagsaktuelle kjendisar.


Publisert: 16.12.2016 12:38
Sist endret: 16.12.2016 12:47