Facebook ikon Twitter logo Print side

Klipp vegen trygg!

I desse dagar er det mange elevar på veg til SFO og skule. Då er det viktig at vegen er trygg. Dermed er det eit godt tips å klippa hekkar, buskar eller tre som har vakse inn mot vegen, fortauet og gang- og sykkelvegen.

Illustrasjonsfoto. Stavanger kommune.

Fotgjengarar , rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje tvingast ut i vegbanen på grunn av vegetasjon, og hekk og buskar må ikkje skjula skilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys. Trafikantar, utrykkingskøyretøy og andre køyretøy må ikkje verta hindra av vegetasjon som gjer vegbanen smalare.

Det er reglar for plassering av buskar og tre inn mot kommunale vegar. Les brosjyre her.

Hekkar og buskar skal ikkje veksa ut over eigedomsgrensa. Over gang og sykkelveg skal det vera fri høgde på 3,2 meter, medan det skal vera fri høgd på 4,8 meter over køyrebane. Hugs også at dersom du har hjørnetomt mot kommunal veg, skal ikkje noko hinder overstiga ein halv meter i høgd målt innanfor frisiktsona i vegkrysset.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/illustrasjon: Stavanger kommune

 


Publisert: 20.08.2018 10:33
Sist endret: 20.08.2018 10:37