Facebook ikon Twitter logo Print side

Klipte snora for nytt idrettsanlegg på Toftøy

Det var eit stort augneblikk for Tindra Risløw og Sebastian Barmen-Johnsen då dei godt assistert av ordførar Børge Haugetun litt etter klokka 12 i dag fekk æra av å klippa snora under den offisielle opninga av Toftøy idrettsbane i Øygarden.

 Tindra Risløw og Sebastian Barmen-Johnsen får god assistanse hjå ordførar Børge Haugetun når snora skal klippast.
Tindra Risløw og Sebastian Barmen-Johnsen får god assistanse hjå ordførar Børge Haugetun når snora skal klippast.

- Det var gøy å springa rundt banen. Eg likar både handball, fotball og å springa , seier Tindra etter at ho hadde testa løpebanen saman med elevar, barn frå barnehagen og ordføraren. Også Sebastian vil bruka banen i fritida. For hans del handlar det nok mest om fotball.

På opninga i dag var både elevar frå Toftøy skule og barn frå Toftøy barnehage på plass. Den nye banen på Toftøy er eit minifriidrettsanlegg med 300 meter lang løpebane (fire banar) rundt kunstgrasdekket. Kunstgrasbanen er ein niar-bane på 72 x 54 meter. Oppdelt vert det plass til to sjuar-banar og fire femmar-banar.

Stor dag for Øygarden

Ordførar Børge Haugetun talte til dei mange som hadde møtt opp i det nydelege sommarveret. Han var glad for at Øygarden har fått eit idrettsanlegg som også legg til rette for friidrett.

- Dette er ein stor dag for Øygarden, men også ein stor dag for Nye Øygarden kommune. Vi har banar på Rong og Tjeldstø, men vi har ikkje eige anlegg lagt til rette for friidrett. Her kan framtidige idrettsstjerner starta aktivitetane sine, sa Haugetun og viste til kva Alexander Dale Oen oppnådde etter at han starta idrettskarrieren ved å bruka den lokale symjehallen.

Den nye banen legg til rette for både fotball og friirdret.
Den nye banen legg til rette for både fotball og friidrett.

Idrett og kultur heile veka

I går starta kultur- og idrettsveka i Øygarden der det er lagt opp til aktivitetar og arrangement heilt fram til sundag. I dag var det altså opning av anlegget på Toftøy. I morgon toppar det seg med opning av Hjeltefjorden Arena, eit stort idretts- og kulturbygg på Rong.

Idrettsanlegget på Toftøy har ei kostnadsramme på 28 millionar kroner. Nettokostnaden for kommunen vert redusert når kommunen får refundert spelemidlar. Banen er omkransa av ein mindre tribune og mur laga av naturstein. Bygninga ved tribunen rommar garderobar, lager, møterom og kjøken.

Sartor Maskin har hatt totalentreprise på anlegget, og prosjektansvarleg i Øygarden kommune, Andreas Kårbø, takka Sartor Maskin for godt samarbeid. Han takka også arkitekt Asplan Viak og fleire enkeltpersonar som har vore engasjert i byggjeprosjektet.

- Ja, dette er ein fantastisk dag på jobb, sa Kårbø etter at han hadde fått eit etter måten leiande spørsmål om dette frå leiar i utval for drift og samfunnsutvikling, Ottar Vik. Ottar Vik tenkte neppe på seg sjølv då han lova rekord både på 60 meter, 100 meter og tre tusen meter i kveld då bygdefolket møtte opp for å ta idrettsanlegget i bruk.

Arild Bøthun i Sartor Maskin takka på vegner av selskapet hans som fekk totalentreprise på byggjeprosjektet. Han overrekte 10 tusen kroner frå Sartor Maskin til «Jonatan sitt minnefond». Pengane går til forsking på barnekreft.

Forventar auka aktivitet

Styreleiar i Hordaland idrettskrets , Helge Johnsen, gratulerte også med det nye anlegget.

- Vi veit at anlegg gjev aktivitet, og eg reknar med at med dette anlegget vert det auka aktivitet her ute. Eg har med eit vaffeljern som ei gåve, sa Johnsen og la til med glimt i auga at det kanskje ikkje var det luraste å gje noko slikt til ordføraren.

Det er nok ingen tvil om at vaffeljernet kjem godt med når brukarane av banen skal ha seg ein pust i bakken.

Ordførar Børge Haugetun overraska med gode sprinttakter då han drog med seg elevane i ein halv runde.
Ordførar Børge Haugetun overraska med gode sprinttakter då han drog med seg elevane i ein halv runde.

Leiar i Hordaland friidrettskrets, Einar Vevatne, overrekte to bøker om friidrett til leiar av Øygarden friidrettsråd, Kenneth Oen. Sjølv om det ikkje er friidrettsgrupper i Øygarden for tida, var han trygg på at det no vil verta organisert friidrett i Øygarden som følgje av det nye flotte anlegget på Toftøy.

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen avslutta opningsmarkeringa.

- Dette anlegget kan verta til glede for alle i Øygarden og Toftøy skule og barnehagen spesielt. Det er viktig at dei unge har gode idrettsanlegg og at dei får utforska idrettstalentet sitt, sa Fahlvik Pettersen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Silvia Haugland, Øygarden kommune

Her er fleire bilete frå opninga av Toftøy idrettsbane:

Sebastian Barmen-Johnsen og Tinda Risløw.Børge Haugetun og Ottar VikBørge HaugetundAndreas Kårbø og Børge HaugetunArild Bøthun overrekkjer 10 tusen kroner til representantar for "Jonatan sitt minnefond".Helge Johnsen, Hordaland idrettskretsEinar Vevatne, Hordaland friidrettskrets

 

 


Publisert: 21.08.2018 17:12
Sist endret: 21.08.2018 17:41