Facebook ikon Twitter logo Print side

Knappskog skule fekk Innovasjonsprisen 2018

I går vart Knappskog skule tildelt Innovasjonsprisen til Senter for IKT i utdanningen.

Ingvild Skogestad er sentral i arbeidet med Digg Læring.
Lærar Ingvild Skogestad er sentral i arbeidet med prosjektet Digg Læring på Knappskog skule.

- Knappskog skule får Innovasjonsprisen for sitt fokus på koding som verktøy for å gje elevane digital kunnskap og kompetanse på tvers av faga, seier direktør Trond Ingebretsen i Senter for IKT i utdanningen.

Denne prisen går til skular som har utvikla ein heilskapleg praksis, der IKT utgjer ein viktig faktor i undervisning og læring.

Knappskog har vore blant finalistane til prisen i to år på rad. Rektor Odd-Erik Kjeldstad er stolt og nøgd for prisen.

- På vegner av elevar, foreldre, lærarar og leiing ønskjer eg å takka juryen for at han valde Knappskog skule om vinnaren i år. Det var eig godt val. Vi har sidan vi starta prosjektet Digg Læring arbeidd målretta med å gjera undervisninga meir moderne og framtidsretta, seier Kjeldstad i ei pressemelding frå IKT-senteret.

Les meir her.

På fredag vart tildelinga av prisen markert på Knappskog skule:

 

 


Publisert: 08.12.2017 09:15
Sist endret: 08.12.2017 09:28