Facebook ikon Twitter logo Print side

Knappskog skule kursa lærarar og IKT-ansvarlege

Torsdag denne veka var Monica Berntsen og Ingvild Skogestad i Sunnhordland og kursa om lag 50 ressurslærarar og IKT ansvarlege i digital undervisning.

Knappskog skule kursa lærarar og IKT-ansvarlege

Sentralt i opplæringa var den pedagogiske tilnærminga som må endrast i ei så stor omstilling og transformasjon. Digitalisering av skulen inneberar ei endring av lærarrolla i klasserommet, og målet for endringa skal føre til meir motivasjon, læring og meistring for elevane.

Digital opplæring i praksis

Region Sunnhordland er i startgropa for denne satsinga, og sentrale leiarar i regionen har tidlegare vore på besøk til Knappskog for å sjå korleis digital opplæring fungerer i praksis. Knappskog skule har fått mykje merksemd dei siste åra; mest fordi skulen var tidleg ute og digitaliserte undervisninga, men og for at skulen har løfta fram den pedagogiske tilnærminga som sentral i omstillinga.

Monica Berntsen og Ingvild Skogestad

Etter at skulen fekk innovasjonsprisen i 2018, har det auka på med førespurnadar til skulen om å bidra i gjennomføring av den digitale transformasjonen som nå går føre seg i heile landet.

Knappskog skule 19.10.2018


Publisert: 19.10.2018 08:42
Sist endret: 19.10.2018 10:07