Facebook ikon Twitter logo Print side

Komitéen går inn for å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Etter ein debatt på godt og vel ein time i dag, gjekk komité for drift og forvaltning (KDF) med seks mot tre røyster inn for å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.

Skulesjef Wilhelm Anglevik svarte på fleire spørsmål frå politikarane.
Skulesjef Wilhelm Anglevik svarte på fleire spørsmål frå politikarane.

Komitéen sluttar seg til tilrådinga frå rådmannen der det heiter at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. Det er ein føresetnad at kommunestyret i Sund er positive til ei slik løysing. I innstillinga går det vidare fram at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Når det gjeld Liljevatnet skule, går komitéen inn for at elevane samla vert overførte til Brattholmen skule og at kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule. Skulen vert etter nærare utgreiing teken i bruk til andre kommunale tenester, til dømes barnehage. Det er også innstilt på at skulen framleis vil vera ein samlingsstad i lokalmiljøet til fritid, lag og aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

Sotralista og Framstegspartiet røysta for to framlegg frå SV ved Andreas Sjalg Unneland. Dei tre partia/gruppene røysta primært for at framlegg om at rådmannen kjem tilbake med ei utgreiing om skulenedlegging av Liljevatnet og Tellnes der det skal vurderast kva som er det beste for barna. Då dette forslaget ikkje fekk fleirtal, røysta dei same partia/gruppene for at Fjell kommune skal sjå på skulestrukturen i samanheng med kommunesamanslåinga og i samarbeid med Øygarden og Sund kommunar.

Innstillinga frå rådmannen fekk støtte frå Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne (seks røyster). Sotralista, Framstegspartiet og SV røysta imot (tre røyster).

Hege Misje frå Sotralista var ein av dei tre medlemene i KDF som røysta imot å leggja ned dei to skulane.
Hege Misje frå Sotralista var ein av dei tre medlemene i KDF som røysta imot å leggja ned dei to skulane.

I utgreiinga for saka om Liljevatnet skule skriv rådmannen at innsparinga ved at alle elevane går til Brattholmen skule vert på 5,2 millionar kroner i 2019 og 11,4 millionar kroner i 2020. Innsparinga ved å leggja ned Tellnes skule er kalkulert til 1,7 millionar kroner i 2018 og 2,5 millionar kroner i 2019.

Saka går no til kommunestyret for endeleg avgjerd den 7. mai.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 30.04.2018 18:37
Sist endret: 30.04.2018 18:44