Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunane i vest varslar innbyggjarane med SMS

Frå 1. desember har Sund, Fjell og Øygarden teke i bruk lokasjonsbasert SMS-varsling til innbyggjarane.

SMS varsling til innbyggjarane

Dei tre kommunane har nyleg vedteke ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (KommuneROS). Der er det lista opp ei rekkje uønska hendingar der det er viktig å varsla dei innbyggjarane som kan koma i fare.

I oppslag i NRK på onsdag gjekk det fram at berre halvparten av befolkninga vert varsla ved store kriser. I forskrift om kommunal beredskapsplikt (paragraf 2) går det fram at alle kommunane er pålagde å vurdera behov for innbyggjarvarsling.

- Tradisjonelt har tyfonanlegga til Sivilforsvaret vore nytta til slik varsling, men dei dekkjer ikkje regionen vår godt nok. Difor har vi teke i bruk lokasjonsbasert SMS-varsling i dei tre kommunane, seier beredskapsleiar i Fjell, Sveinung Nymark.

Web-basert løysing

Varslingssystemet er web-basert. Ved å markera eit fareområde i eit kart, kan kommunane senda SMS-varsling til alle mobiltelefonane som finst (påslåtte) i det aktuelle området. Dei mobiltelefonane som finst utanfor området, vil ikkje få varsel. Om dei seinare skulle koma inn i eit aktivt varslingsområde, vil dei få det same varselet.

Når skal det nyttast?

Nymark understrekar at dette verktøyet skal nyttast for å varsle om fare, og gjera folk i stand til å hindra eller avgrensa tap av liv eller verdiar.

- Avgjerda om utsending vil normalt verta gjort av kommunal kriseleiing og/eller politiet. Eit varsel vil, i tillegg til å informere om fare, fortelja deg kvar du kan søkja meir informasjon som til dømes radio, fjernsyn, nettaviser, sosiale medium, seier Nymark.
Nettsidene til kommunen vil alltid supplera med meir informasjon.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 11.01.2019