Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunen måler ikkje om isen er trygg

Det har kome spørsmål om kommunen gjennomfører målingar av isen på vatna i kommunen. Beredskapsleiar Sveinung Nymark opplyser at det ikkje vert gjennomført slike målingar i kommunale regi.

Foto: Monica Hovland
Foto: Monica Hovland


- Tjukkelsen på isen på dei ulike vatna i kommunen varierer mykje ut frå fleire forhold. Difor er mitt råd at folk bør vera svært varsame med å gå på isen. Uansett skjer det på eige ansvar. Allereie i morgon er det meldt om høgare temperatur, seier Sveinung Nymark.


Publisert: 14.02.2017 15:06
Sist endret: 14.02.2017 15:14