Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret sluttbehandlar tre reguleringsplanar

Kommunestyret skal på møtet den 20. juni behandla tre reguleringsplanar. Det gjeld detaljregulering for Straume Sjøfront, Luren (Foldnes) og Espedalen (Kolltveit).

Bilder viser planområdet,utmarksterreng,med omkringliggjande område .
Bileta viser planområdet,utmarksterreng,med omkringliggjande område for plan for Espedalen (Kolltveit).

Komité for plan og utvikling (KPU) rår kommunestyret til å godkjenna vesentleg endring av delar av detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan. Planen legg elles til rette for næringsareal, parkeringsplassar, offentleg strandpromenade og småbåthamn.

Det ligg også føre forslag om å byggja om demensavdelinga på Fjell sjukeheim innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. I skisseprosjektet som ligg føre, er det gjort nokre endringar for å redusera kostnadene. Prosjektet vil framleis omfatta bygging av 10 sengerom til åtte litt større sengerom tilpassa arealkrava til Husbanken.

Andre saker i kommunestyret den 20. januar

  • Områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne
  • Tiltakshavar: Fjell bustadstifting
  • Årsmelding og rekneskap 2018
  • Økonomirapport pr. 1. tertial 2019
  • Høyringsframlegg, eigedomsskatt ved kommunesamanslåing
  • Ombygging demensavdeling ved Fjell sjukeheim. Nytt saksframlegg.
  • Trafikksikring mellom Straume sentrum og Sotra Arena
  • Val av medlem og varamedlem til representantskapet i Bergen og Omland
  • Sommarfullmakt til ordføraren 2019

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Tveit Akritektkontor

 


Sist endret: 14.06.2019