Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret skal ta endeleg stilling til skulestruktur

Måndag den 7. mai skal kommunestyret gjera endelege vedtak i sakene der det er føreslått å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular.

Komité for drift og forvaltning gjekk på måndag denne veka inn for å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019.

Komitéen slutta seg til tilrådinga frå rådmannen der det heiter at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. Det er ein føresetnad at kommunestyret i Sund er positive til ei slik løysing. I innstillinga går det vidare fram at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Når det gjeld Liljevatnet skule, gjekk komitéen inn for at elevane samla vert overførte til Brattholmen skule og at kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule. Skulen vert etter nærare utgreiing teken i bruk til andre kommunale tenester, til dømes barnehage. Det er også innstilt på at skulen framleis vil vera ein samlingsstad i lokalmiljøet til fritid, lag og aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

Høyringar

Kommunestyret skal også gje uttale til to saker frå fellesnemnda for Nye Øygarden kommune. Det gjeld sluttrapport frå utval for politisk styringsstruktur og utval for eigarskapsmodellar.
På møtet i fellesnemnda den 16. april vart det vedteke å leggja sluttrapport for politisk styringsstruktur ut på høyring til kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden. Det må setjast ein frist som gjer det mogleg å rekkja tilbake med sak til fellesnemnda den 18. juni. I vedtaket heiter det også at før saka vert sendt ut på høyring, må det leggjast ved ei oversikt over fordelar og ulemper ved fire utval, tre eller to utval.

I same møte vart det vedteke å senda sluttrapport for utval for eigarskapsmodellar ut på høyring til dei som er nemnd i saksutgreiinga og i tillegg dei tre kommunestyra. Høyringsfristen vert sett til 23. mai, og fellesnemnda sluttbehandlar også denne saka og rapporten i møtet den 18. juni.

Her kan du lesa meir om vedtaka i desse to sakene som vart gjort i fellesnemnda den 16.04.

Andre saker

  • Endring av selskapsavtale, Øygarden brann og redning IKS (ØBR)
  • Val av medlemer til styret i FjellVAR

Møtet vert halde i kultursalen og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 03.05.2018 09:24
Sist endret: 03.05.2018 09:28