Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret tek stilling til mottak av flyktningar

Kommunestyret skal på møtet den 21. februar ta stilling til om Fjell kommune skal busetja 35 flyktningar slik Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt om.



Komité for drift og forvaltning har gått inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige. I brevet som kommunen fekk i desember, går det fram at det er venta at Noreg vil ta imot 5 350 flyktningar neste år, inkludert 150 einslege mindreårige. Fjell kommune har teke imot 280 flyktningar i perioden 2014 til 2018, og av desse har 16 hatt status som mindreårige. I saksutgreiinga skriv rådmannen at busetjing av 35 flyktningar i 2019 ligg innanfor det Fjell kommune kan ta imot.

Andre saker i kommunestyret den 21. februar

  • Detaljregulering for Heimtun, Straume. Sluttbehandling.
  • Detaljregulering for næringsareal på Smålonane, Sluttbehandling.
  • Rapport etter forvaltningsrevisjon av plan- og byggesakshandsaming i
    Fjell kommune

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Sist endret: 13.02.2019