Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret vedtok struktursak

Kommunestyret vedtok i ettermiddag ei struktursak der det mellom anna er føreslått endringar i skulestrukturen. Det vart vedteke å tilrå å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019.

Jan Utkilen frå Sotralista var mellom dei som ikkje vil at det skal fremjast sak om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular.
Jan Utkilen frå Sotralista var mellom dei som ikkje vil at det skal fremjast sak om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular.

Det skal fremjast sak om sjølve nedleggingane som mellom anna avklarar nytt skuletilbod for elevane.

I vedtaket heiter det også at det «Raude bygget» på Foldnes skule vert rive og erstatta med nytt bygg. Elevane i 6. og 7. årstrinn går mellombels på Brattholmen skule til nytt bygg står klar til bruk. Vidare vert det innstilt at Bjorøy skule vert rehabilitert og at mellomsteget (5. – 7. årstrinn) går på Liljevatnet medan rehabiliteringa vert gjennomført. Det skal leggjast fram ei eiga sak om endring av skulekrinsane og at rådmannen vurderer nærare dei andre innsparingstiltak som er vist til i saka.

Etter forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre på møtet i dag, vart det vedteke eit tilleggspunkt. Der heiter det at Skålevik skule har stor førekomst av asbest. Dersom drift ved skulen kjem i strid med lovkrav, her under krav til arbeidsmiljø som ikkje kan bøtast på med mindre vedlikehald, skal skuledrifta straks avviklast og sanerast. Det skal gjennomførast jamleg og måling som sikrar at lufta inne er fri for asbest. Det heiter også at ny skule på Skålvika må utgreiast særskilt og må fremjast som eiga sak. Dette tilleggspunktet vart vedteke samrøystes.

Ernst Einarsen i Høgre forsvaret forslaget som fekk fleirtal.
Ernst Einarsen i Høgre forsvaret forslaget som fekk fleirtal.

SV fekk ikkje fleirtal for eit forslag om at kommunen skal sjå på skulestrukturen i samband med kommunesamanslåinga, og i samråd med Øygarden og Sund kommunar. SV fekk heller ikkje fleirtal for å få tilbake til behandling ei større struktursak.

Sotralista føreslo å utsetja saka og få ho tilbake til behandling i kommunestyret i samband med revidert budsjett i juni. Etter at kommunestyret avviste å utsetja saka, fremja Sotralista eit forslag på ni punkt. Forslaget fekk ikkje fleirtal. I dette forslaget opprettheld ein mellom anna skuledrift på Tellnes og Liljevatnet. Les heile forslaget her.

Kjøper aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark

Industriområdet på Ågotnes. Foto: CCB
Industriområdet på Ågotnes. Foto: CCB

Kommunestyret vedtok med 29 røyster å kjøpa aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS. Det er inngått ein intensjonsavtale om kjøp av aksjane under føresetnad av godkjenning i kommunestyret.

Med dette vedtaket vil Fjell kommune ha ein eigardel i Ågotnes Næringspark AS på 21,1 prosent.

Det vert lagt til grunn at kommunen vert representert i styret for selskapet. Kjøpet er føreslått finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. I vedtaket heiter det også at Fjell kommune godkjenner forlenging av vilkåra for siste frist for betaling av restsummen (75 millionar kroner) av eit tomtesal til Ågotnes Næringspark AS i 2014. Vilkåra for siste frist for betaling vert forlenga frå 2024 til 2034. Det skal betalast renter på resterande beløp i heile perioden for gjeldande avtale.

For kort tid sidan kjøpte KS CCB seg opp i Ågotnes Næringspark og eig no 100 prosent av aksjane. Næringsparken eig i dag to område på Ågotnes (sjå bilete), og det totale tomtearealet er på om lag 170 dekar. I 2014 kjøpte selskapet om lag 200 dekar frå Fjell kommune for 82 millionar kroner.

Sotralista fremja eit forslag om at kommunen medverkar til å få etablert ein ny offentleg kai på Ågotnes, men at eit kjøp vert utsett. I framlegget var det likevel forslag om kjøpa aksjar for fem millionar kroner. Det var også forslag om å seia nei til å forlenga fristen for betaling av 75 millionar kroner. Forslaget fekk seks røyster (Sotralista, eín representant frå KrF og Senterpartiet) og fall.

I 2016 gjekk byrådet i Bergen inn for at Ågotnes skal vera ny lokalisering av Bergen Hamn. I debatten i kommunestyret vart det mellom anna peika på at kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark vil gje politisk påverknad over den vidare utviklinga i Ågotnes-området både når det gjeld framtidig hamn og potensiale for anna framtidig næringsutvikling.

Vil ta imot 20 flyktningar

Kommunestyret vedtok at Fjell kommune skal busetja 20 flyktningar i 2018. To av plassane gjeld einslege mindreårige. I perioden 2015 til 2017 har Fjell kommune busett om lag 250 flyktningar. Av desse er 16 einslege mindreårige flyktningar. Fjell kommune har dei siste åra bygd opp tenesteapparatet til å ta imot, busetja og integrera flyktningar i fjellsamfunnet.

Går imot avgiftsparkering ved rådhuset og helselandsbyen
Det vart samrøystes vedteke å gå imot å innføra avgiftsparkering for tilsette ved rådhuset og helselandsbyen på Straume. Dette vert grunngjeve ved rådmannen si oppfølging og handheving av fleire tiltak lista opp i ei sak som vart behandla i kommunestyret i september 2017. Det vert rådd til at rådmannen evaluerer parkeringssituasjonen innan sommaren 2018 og eventuelt vurderer nye tiltak for å sikra parkeringsplass for besøkande.

Kommunal garanti for lån

Under føresetnad av godkjenning frå Fylkesmannen, vart det vedteke at Fjell kommune gjev sjølvskuldnargaranti for lån på 180 millionar kroner til finansiering av nye investeringar innanfor vatn og avlaup i perioden 2011-2019.

Nedkjemping av barnefattigdom

I ei sak om status om innsats til nedkjemping av barnefattigdom er det føreslått ei rekkje tiltak. Kommunestyret tok saka til orientering. Det er føreslått å vidareføra aktivitetskortet og å halda fram samarbeidet med Way Forward og Basecamp om tiltaket «Sommar for alle». Det er vidare forslag om å opparbeida utstyrsbod og å søkja om eksterne tilskotsmidlar til eit prøveprosjekt til styrking av Trygg Start. Det er også forslag om å leggja fram sak om tilskotsordning der lag og organisasjonar kan søkja om tilskot og sak der det vert utgreidd redusert betalingsordning. Det er også presisert at vanskelegstilte familiar skal prioriterast ved tildeling av kommunal bustad.

Andre saker

  • Prosjekt kommune-ROS for Fjell, Sund og Øygarden
    Kommunestyret vedtok at arbeidet med ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for Fjell kommune vert starta opp.

  • Konstituering av rådmann
    Det vart samrøystes vedteke at servicetorgsjef Lillian Torsvik vert konstituert som rådmann frå 2. januar i Steinar Nesses sjukefråvær.

  • Fullmakt
    Ordføraren får fullmakt til å avgjera to søknader om skjenkeløyve. Fullmakta gjeld søknader frå Spisekroken Straume AS og Sartor Sportshus AS. Bakgrunnen for vedtaket er at det ikkje er kommunestyremøte i mars og at ei behandling av søknadene i kommunestyremøtet i april vil føra til at dei to søkjarane misser inntekter i ein viktig startsmånad.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 22.02.2018 18:21
Sist endret: 22.02.2018 18:59