Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret vurderer motsegn mot fylkesplanar

Kommunestyret i Fjell er kritisk til framlegga til dei fylkeskommunale planane «Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2028» og «Regional transportplan Hordaland 2018-2029".

Odd Arvid Valvatne (Ap) var ein av dei som hadde ordet under debatten om fylkesplanane.
Odd Arvid Valvatne (Ap) var ein av dei som hadde ordet under debatten om fylkesplanane.

På møtet i dag vart det semje om ei formulering for begge planane om at «Kommunestyret har von om semje med fylkeskommunen om dette. Kommunestyret vil samstundes varsle at ein vil vurdere å fremje motsegn etter § 8.4.2 i plan- og bygningslova om ein ikkje kjem til ei sams forståing om dette.»

I uttalen om «Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2028» heiter det også at planen på fleire område grip inn i det lokale sjølvstyret og kommunane si oppgåve som planmyndigheit. Punkt 1.2.2. vil overføra dette ansvaret frå lokalt til regionalt nivå. Kommunestyret meiner at dette er i strid med gjeldande nasjonal politikk og føringar. Vidare meiner kommunestyret at det under punkt 4.2.6. « Framtidas utbyggingsmønster» ikkje vert teke omsyn til den nye kommunestrukturen som er under utvikling og der behov for utvikling av heile den nye kommunen er særs viktig for ei vellukka kommunesamanslåing».

Her kan du lesa nytt pkt. 2 i begge sakene (fremja i møtet).

Her er saksframlegga som viser dei andre punkta som kommunestyret slutta seg til.

Demokratiprosjekt knytt til kommunereforma

Kommunestyret vedtok at Fjell kommune for sin del at kommunen saman med Sund og Øygarden deltek i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har invitert kommunar som arbeider med samanslåing om å delta i eit nytt toårig prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet. Den førebuande fellesnemnda ønskjer også dette, men det må gjerast vedtak i dei tre kommunestyra for å kunna delta i prosjektet.

Hovudtema på samlingane i prosjektet vert kva lokaldemokrati kommunane ønskjer å utvikla for den nye kommunen, korleis ein skal organisera og utforma den politiske styringa og korleis ein skal sikra eit godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane. Målgruppe er politikarar og representantar frå dei tilsette. Inntil sju personar i kvar kommunekonstellasjon kan delta i prosjektet. I tillegg til politikarsamlingar, vert det lagt opp til prosjektleiarsamlingar for ansvarlege frå administrasjonen. Dei to andre kommunane har gjort likelydande vedtak.

Eigarstrategi for Sotra og Øygarden brannvesen IKS (SØB IKS)

Kommunestyret godkjende for sin del framlegget til eigarskapsstrategi for Sotra og Øygarden brannvesen IKS. Eigarskapstrategien representerer eigarkommunane sine interesser og gjev eit grunnlag for styring og oppfølging av SØB IKS gjennom å klargjera korleis eigarskapen skal utøvast.

Salsløyve for alkohol
Brattholmen Handel AS, Brattholmen kai fekk innvilga salsløyve for alkohol gruppe 1 i lokala på Brattholmen kai. Salsløyvet gjeld til og med 30. september 2020.

Alle vedtaka i kommunestyret i dag vart gjort samrøystes.

Her er fleire bilete frå kommunestyret i dag:

Kommunikasjonsansvarleg i MOT, Regione Oen Hatten, orienterte om MOT og undersøkingar om dette arbeidet.Eli Løfvenius frå MOT framførte song.

 


Publisert: 23.03.2017 15:26
Sist endret: 23.03.2017 15:56