Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunikasjon i kvardagen

Den 12. januar vart det gjennomført kurs i regi ASK-nettverket i Fjell kommune i kultursalen i Fjell rådhus. (ASK: Alternative og/eller supplerande kommunikasjonsformer).

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?



Karen Synnes Knudsen

Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn i barnehagar som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon.

Kursdagen vart opna med innlegg frå Margrethe Fjæren frå Statped vest (Statleg spesialpedagogisk teneste). Ho inspirerte til bruk av teikn og bilete i arbeidet med ASK, alternativ og supplerande kommunikasjon.

Vidare var det filmframvising av arbeid med teikn og bilete v/ spesialpedagog i barnehage, Hanne Mikalsen Ulveseth. Ho er deltakar i lokalt ASK nettverk i Fjell kommune og sit per d.d. i styret i IAKM Norge, (International Association of the Karlstadmodell).

Bygg et godt språkmiljø: Aleksander Helmersberg
Aleksander Helmersberg

Forelder i Leirstaden barnehage, Alexander Helmersberg, snakka om korleis ein kan byggja eit godt språkmiljø. Han gav ei levande skildring av sin oppleving då han fekk ei dotter med Downs syndrom. Vidare fortalde han om sitt arbeid som grundar for Milla Say's med mål om å gjera nettverksarbeidet lettare for dotter si og hennar nettverk.

Karen Knudsen Synnes frå IAKM, International Association for the Karlstadmodell, hadde innlegg om alternativ og supplerande kommunikasjon ut frå eit familierelatert fokus.

Karen gav ei god og oversiktleg innføring i Karlstad-modellen som er ein modell for språktrening for personer med kommunikasjonsvanskar. Karlstad-modellen er basert den naturlige språkutvikling hjå barna og tilbyr konkrete forslag til øvingar og materiell til språktrening. Modellen kan brukast overfor barn, unge og vaksne med ulike typar språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar i alle aldrar og uavhengig av diagnose.

70 pedagogar, foreldre og andre i barna sitt nettverk deltok på seminaret.

Inger Lill Kolltveit og Siw Olsen frå Leirstaden barnehage viste fram film frå Leirstaden barnehage sitt prosjekt som går ut på å læra barnehagen sitt personale og barn opp i å nytta TTT (Teikn til tale) i barnehagekvardagen. Dette er for å fremja språkutvikling hjå alle barn. Språkinnlæringa vil gå raskare om borna får ein supplerande måte å gi utrykk på, og teikn kan fungera som ei bru mellom morsmål og andre språk.

Det vart arrangert gruppediskusjonar, der gruppene la fram sine refleksjonar og ynskjer for arbeida vidare med kompetanseheving innan ASK for Fjell kommune.

Her er ei oppsummering av tilbakemeldingar frå familiar og barnehagepedagogar i Fjell kommune:

  • Foreldre meldte tilbake om mykje godt arbeid med ASK i Fjell kommune.
  • Det vart etterlyst tilgjengelege og oversiktlege gode nettressursar og anna materiell.
  • Det vart belyst kor viktig det er å ivareta føresette og nettverket til barn den første tida.
  • Det var ønske om at Fjell kommune deltek i utvikling av elektronisk løysing på nettverksarbeidet.
  • Det er ønske om styrking av utøvande logoped i Fjell kommune.
  • Det er føreslått innføringskurs i den nye omgrepsjungelen føresette møtte som IP, IUP, IOP, COS, DUÅ, TSK, PPT, BUP, PMTO, IAKM, HABU, EEG, EKG – kva er kva?
  • Barna skal få høve til å bli kommunikative og få bli den beste versjonen av seg sjølv.
  • Kursdeltakarane gav klart uttrykk for at dei ønskjer ein Karlstad-rettleiar i Fjell.

Tekst og foto: Liv Golten, spesialpedagog PPT Fjell (Pedagogisk psykologisk tensteste)


Publisert: 25.01.2017 14:38
Sist endret: 25.01.2017 14:50