Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunikasjon i kvardagen

Den 20. januar vart det gjennomført kurs i regi av ASK nettverket i Fjell kommune i rådhuset. (ASK: Alternativ og supplerande kommunikasjon).

Kommunikasjon i kvardagen

Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn som nytta alternativ og supplerande kommunikasjon.

Karen Knutsen Synnes og Hanne Mikalsen Ulveseth gav ei god og oversiktleg innføring i Bablarane. Begge er aktive i IAKM - International Association for the Karlstadmodel. Bablarane er ein del av Karlstadmodell-arbeidet som er basert på den naturlige språkutviklinga til barna og tilbyr konkrete forslag til øvingar og materiell til språktrening. Modellen kan brukast overfor barn, unge og vaksne med ulike typar språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar i alle aldrar og uavhengig av diagnose.

Aina Ask fra Abilia la fram korleis ein nærmar seg barn i prosessen av innlæring av digital kommunikasjon. Kva krev det av nettverket, og kven vil trengja digitale hjelpemiddel. Digitale hjelpemiddel vert nytta anten det er barn som vil mangla tale som ikkje vil ha moglegheit til å kommunisere verbalt eller dei som treng støtta for å utvikla tale.

Tilbakemeldingar

Her er nokre vurderingar etter at vi har fått tilbakemeldingar frå familiar og pedagogar til Fjell kommune 12. jan 2017.

Foreldre meldte tilbake om mykje godt arbeid med ASK i Fjell kommune, men at det framleis er mangel på direkte logopedarbeid med barna og rettleiing med nettverket deira. Det vert framleis arbeidd med å betra rutinar for å ivareta føresette og nettverket til barn den første tida. Det er fleire av nettverka som deltek i utvikling av elektronisk løysing på nettverksarbeidet. Det er ikkje gjennomført innføringskurs i omgrepsjungelen eller laga ei lokal oversikt over nettverksressursar. Erher.no

Tilbakemeldingar frå familiar og pedagogar til Fjell kommune 2. samling 30. jan 2018.

  • TTT kurs må gå kontinuerlig
  • Karlstadmodell-kurs, korleis arbeida i nettverk.
  • Alle instansar får innføring i ASK, alle bør ha kunnskap om kommunikasjonsutviklinga hjå barna.
  • Tydelege føringar for ansvar for å drifta nettverk.
  • Ønske om at Irene Johansson sjølv vert invitert inn i dette årlege nettverket.

Vi er framleis einige om at målet er at våre barn skal få moglegheit til å verta kommunikative og verta den beste versjonen av seg sjølv.

Fleire bilete

Kursdagen vart opna i år igjen med Margrethe Fjæren frå Statped. vest. Ho inspirerte til bruk av teikn og bilete i arbeide med ASK, alternativ og supplerande kommunikasjon.

Tekst og foto: Liv Golten


Publisert: 08.02.2018 14:25
Sist endret: 07.02.2018 13:20