Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunikasjon i kvardagen

Den 16. Januar vart det gjennomført kurs i regi av ASK-nettverket i Fjell kommune i kultursalen på Fjell rådhus, (ASK: Alternativ og supplerande kommunikasjon).

Nettverksgruppa for ASK i barnehagar. Frå venstre; Ingvild Skaar (logoped i PPT), Hanne Ulveseth Mikalsen (ressurspedagog i Fjell kommune), Hege Fjeldstad (ressurspedagog i Fjell kommune), Liv Golten (spesialpedagog i PPT) og Kjersti Sundal (rettleiarteamet for barnehagar i Fjell kommune).
Nettverksgruppa for ASK i barnehagar. Frå venstre; Ingvild Skaar (logoped i PPT), Hanne Ulveseth Mikalsen (ressurspedagog i Fjell kommune), Hege Fjeldstad (ressurspedagog i Fjell kommune), Liv Golten (spesialpedagog i PPT) og Kjersti Sundal (rettleiarteamet for barnehagar i Fjell kommune).

Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn i barnehagar som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon. Dette er tredje året kurset blir gjennomført.

ASK-nettverk

Kurset vart innleia av Hanne Ulveseth Mikalsen (ressurspedagog i Fjell kommune og student på Karlstadrettleiarutdanninga). Ho fortalte om arbeidet med ASK-nettverket sidan det vart starta opp i 2013. Nettverket har vakse seg stort sidan den gong. Det er mykje god kompetanse når det gjeld ASK i barnehagane. Hanne fortalde om korleis ho arbeider ut frå Barnekonvensjonen og den grunnleggjande retten til ytringsfridom til barna.

Hanne Ulveseth Mikalsen med innleiing til kursdagen
Hanne Ulveseth Mikalsen med innleiing til kursdagen.

Kjersti Sundal (rettleiarteam for barnehagar) gjennomgjekk endringane i barnehagelova knytt til rettar for barn i barnehagealder med behov for ASK. Rettleiaren til Utanningsdirektoratet for arbeid med ASK i barnehagen blei også presentert. Desse retningslinjene vil det bli arbeidd med i ASK-nettverket.

Kommunikasjon med teikn

Margrethe Fjæren heldt fyrste del av kurset. Ho delte av den rike kunnskapen sin om kommunikasjon med teikn og inspirerte oss med sitt fantastiske engasjement. Noko av det viktigaste Fjæren snakka om på kurset var det at det er foreldra som eig barna. Dei er ressursane til alle dei som «stormar» inn og vil noko. Ho legg og stor vekt på korleis me omtalar barn som nyttar ASK. Hennar perspektiv er at barna ikkje er svake. Dei treng noko anna eller meir for å få det same».

Margrethe Fjæren demonstrerer korleis ein får dei mentale bileta av ulike omgrep ut i teikn.
Margrethe Fjæren demonstrerer korleis ein får dei mentale bileta av ulike omgrep ut i teikn.

Ny app for kommunikasjon med bilete

Andre del av kurset vart halde av Kristian Solheim frå Tobii Dynavox. Han fortalde om ein ny app dei har utvikla for kommunikasjon med bilete. Appen heiter Snap + Core first og er tilgjengeleg på alle plattformer. Fullversjon med lyd kan søkjast hjå Nav Hjelpemiddelsentral.

Kristian Solheim frå Tobii Dynavox.
Kristian Solheim frå Tobii Dynavox.

Kompetanseheving innan ASK

Avslutningsvis var det ein sekvens om det å driva nettverk om barn etter Karlstadmodellen. Slike nettverk er familiesentrerte og byggjer på fem grunnleggande prinsipp frå Karlstadmodellen; Empowerment, eit skritt framfor, kontinuitet, tydeleggjerande og struktur.

Det vart arrangert gruppediskusjonar, der gruppene la fram sine refleksjonar og ynske for arbeida vidare med kompetanseheving innan ASK for Fjell kommune:

Oppsummering

Her er ei oppsummering av tilbakemeldingar frå familiar og barnehagepersonale på fagdagen:

  • Ønske om ein fagdag kor deltakarane er meir aktive sjølve, eksempelvis arbeid med case/filmsnuttar
  • Tilbod om jamleg kompetanseheving om dei ulike kommunikasjonshjelpemidla
  • Ønskje om at alle barnehagar er representert på fagdagen
  • Informasjon om interne og eksterne kurs bør spreiast til alle
  • Ønske om at det vert sett opp nytt kurs med Irene Johansson

Aktuelle lenkjer

Kurs

Nettressursar ASK

  • Udir - ASK
    Her finn du ASK-rettleiar frå utdanningsdirektoratet både for barnehage og for skule
  • 2-tusen.no
    er ein nettbasert læringsressurs med temabøkane Tusen tegn å tenke på (teikn frå Norsk teiknspråk) og Tusen ting å tenke på (grafiske teikn, SymbolStix.)
  • Statped - godASK
    Rettleiingsmateriell med filmar, instruksjonar, forklaringar, spørsmål og arbeidsoppgåver som gjer at du som er vaksen, kan bli ein god kommunikasjonspartnar for barn frå to til seks år som treng alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
  • Erher.no
    nettbaserte læringsressursar for høyrselshemma

Fleire bilete

Tekst og foto: Ingvild Skaar, logoped i PPT, Fjell kommune


Sist endret: 24.01.2019