Facebook ikon Twitter logo Print side

Koste seg på sykkeltur i 25 varmegrader

Selma (89) , Alvhild (85) og Kjell (75) storkoste seg i sol og varme på sykkeltur i dag. Onsdag vart eit nytt samarbeid mellom Cykleklubben Sotra (CK Sotra) og Fjell kommune markert. No får eldre med nedsett funksjonsnivå eit nytt aktivitetstilbod.



- Eg sykla mykje i ungdomen. Eg tok båt frå Bergen til Knarvik og sykla til Ryland på Holsnøy på dans. Det vart også ein del sykkelturar til husmorskulen på Fløysand då eg var elev der, seier Selma Olsen som set stor pris på det nye tilbodet.

Saman med Alvhild og Kjell fekk dei seg nokre nydelege turar i hagen og rundt Straume bu- og servicesenter i dag. Gode frivillige sykkelvertar frå CK Sotra styrte dei avanserte elektriske Rickshaw-syklane.

Frivilligkoordinator i Fjell kommune, Unni Sørensen, er glad for samarbeidet med CK Sotra.

- Vi har eit fantastisk godt samarbeid med sykkelklubben. No kan vi gje eit nytt aktivitetstilbod for eldre nedsett funksjonsevne. Det er kjøpt inn to elsyklar som vert stasjonerte på Kvednatunet og Straume bu- og servicesenter, seier Sørensen. Tilbodet gjeld for bebuarane på dei tre institusjonane; Kvednatunet, Straume- bu og servicesenter og Fjell sjukeheim.

Denne sykkelaktiviteten er eitt av fleire aktivitstilbod politikarane har prioritert og sett av midlar til. Marianne Sandahl Bjorøy, varaordførar Tom Georg Indrevik og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, var med på markeringa i dag. Dei fekk seg ein runde på sykkelen på plassen framfor sjukeheimen med varaordføraren som sykkelvert. Leiar av eldrerådet Berit Anita Larsen var også på plass i dag, men slapp å ta ein sykkeltur med ein førar som kanskje hadde sin første tur med ein slik type sykkel.

Aktivitetsleiar for dette tiltaket i CK Sotra er Nils Birger Kobbeltvedt. Han har møtt på stor velvilje blant medlemene i sykkelklubben.

- Vi har fått 11 frivillige i sykkelklubben til å ta sykkelturar med dei eldre, seier Kobbeltvedt. Nokre av dei frivillige ønskjer faste dagar for sykkeltur med dei eldre, medan andre stiller opp når det vert tinga ein sykkeltur når behovet melder seg. Det er lagt opp til digital tinging av sykkeltur gjennom administrasjonssystemet Frida.

Sykla til jobb

Alvhild Hjorteseth budde i Øystese frå ungdomen av og arbeidde i Televerket i Norheimsund i 36 år.

- Eg sykla den åtte kilometer lange strekninga til jobb, seier Alvhild. Ein del av jobben var å kopla saman dei som skulle snakka med kvarandre på telefon.

- Lytta du til det som vart sagt i telefonsamtalane?

- Det snakkar me ikkje om, seier Alvhild og ler.

Kjell Holen kjem frå Bryne og sykla ein god del i ungdomen. Han fortel av det var flatt og gode forhold for sykling på Jæren. Han flytta til Knarrvika i Fjell i 1970.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jørane Ingvaldsen og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa

 


Publisert: 30.05.2018 13:40
Sist endret: 30.05.2018 13:56