Facebook ikon Twitter logo Print side

Kraftig auke i tilfelle av kikhoste i regionen vår

Denne hausten er det, særleg frå september av, registrert ein kraftig auke i tilfelle av kikhoste i befolkninga i regionen vår. Smittevernlege Jens Eikås, ønskjer at så mange som mogleg vaksinerer seg.

Ill.foto
Foto: Colourbox

Dei som no har fått påvist denne sjukdomen er i alle aldrar frå barn til personar i vaksen alder.

- Symptoma er oftast som ved ei forkjøling som startar med mild hoste, rennande nase og moderat feber. Etter kvart merkar ein auke i intensiteten til hosten med forsterka innpust og hoste som gjerne er så sterk at ein kan få brekningar, seier Jens Eikås.

Det er mogleg å få denne sjukdomen påvist hjå fastlege, og det finst også antibiotikumbehandling mot han så sant ein kjem seg til lege tidleg i sjukdomsforløpet. Sjukdomen smittar ved hosting. Den er svært smittsam og kan vera plagsom for unge og vaksne, men ikkje livstruande. Ein kan likevel ha symptom i form av irritasjon i luftvegar og kraftige hosteanfall i inntil seks til 10 veker.

- Grunnen til at eg som smittevernlege ønskjer merksemd om denne sjukdomen, er at sjukdomen kan vera farleg for spedbarn, for personar med alvorleg lungesjukdom eller nedsett immunforsvar. Difor vert særleg helsepersonell og personar som har omgang med gruppene småbarn (under to år), personar med alvorleg lungesjukdom eller nedsett immunforsvar, om å vaksinera seg mot denne sjukdomen, seier smittevernlegen.

Kontakt lege

Om det er mistanke om at du har fått denne sjukdomen, kan du oppsøkja lege for undersøking og eventuell behandling. Om du får stadfesta at du er smitta, og veit at du har hatt nærkontakt med spedbarn, uvaksinerte eller delvis vaksinerte barn under to år, personar med alvorleg lungesjukdom eller personar med nedsett immunforsvar, må desse oppfordrast til å oppsøkja lege for vurdering med omsyn til forebyggjande antibiotikumbehandling.

Om du har fått påvist sjukdomen og sjølv starta med antibiotikumbehandling, kan du smitta andre i inntil fem dager etter at denne behandlinga er starta. Du bør då vera borte frå stader/situasjonar der du kan smitta andre (skule/barnehage/arbeidsplass) i seks dager etter at behandlinga er starta. Barn får første vaksine mot denne sjukdomen i ein alder av tre månader og er fullvaksinerte etter eitt år.

Dei fleste er frå tidlegare vaksinerte mot denne sjukdomen, men lengda på denne vaksinen er avgrensa (frå seks til 12 år). Folkehelseinstituttet ønskjer difor at ein får denne vaksinen oppfriska for kvart 10. år.

- Det er viktig å merka seg at vaksinasjon ikkje fullstendig utelukkar sjukdom når det gjeld kikhoste, men vaksinasjonen sikrar et mildare sjukdomsforløp, seier Jens Eikås.

Vaksinen heiter Boostrix polio og vaksinerer mot sjukdomane kikhoste, difteri (ekte krupp), poliomyelitt og stivkrampe. Ein kan få denne vaksinen ved å venda seg til fastlegen sin eller på lokalt reisevaksinasjonskontor på Straume.

Her er lenkje til smittervernrettleiar hjå Folkehelseinstituttet.

 

 

 


Sist endret: 01.11.2019