Facebook ikon Twitter logo Print side

Kraftig nedbør på veg

Det er venta kraftig regn frå seint tysdag kveld fram mot morgontimane onsdag. Meteorologisk institutt melder om at det er venta 60 millimeter nedbør i løpet av seks timar på dei mest utsette stadene i Hordaland og Rogaland.

Ill.

Nedbørsmengdene er så store at det er sendt ut farevarsel på oransje nivå. Dette er det nest øvste farenivået. Lågtrykket har også med seg vind som kan gje liten storm på kysten nord for Boknafjorden.


Det er fare for overvatn i tettbygde område og lokal flaum. Folk vert oppmoda om å sikra og flytta verdiar vekk frå utsette område.

Les meir her.


Tekts: Vigleik Brekke
Foto: Pixabay


Publisert: 25.09.2018 18:00
Sist endret: 25.09.2018 10:38