Facebook ikon Twitter logo Print side

Krevjande budsjettsituasjon

Ordførar Marianne Sandahl ønskte i dag kommunestyret velkomen til budsjett- og strategisamling. - 2018 har vore eit krevjande budsjettår, sa ordføraren.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Ordføraren sa likevel at biletet ikkje er eintydig negativt. Skatteinntektene så langt er noko høgare enn budsjettert. Det er gjennomført strukturendringar som etterkvart gjev resultat. Likevel er det for dette året budsjettert med bruk av fond og eigedomsskatt.

- Det er gjort vedtak om å leggja ned to skular. Situasjonen krev mykje av både politikarane og administrasjonen, og budsjettdisiplin er viktig. Eg vil takka dei tilsette for å etterleva det strame budsjettet, sa ordføraren då ho innleia samlinga. Ho la til at det vert krevjande å driva det nye lokalmedisinske senteret som opnar like over nyttår.

Nominell vekst

Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt starta med å sjå tilbake på den økonomiske utviklinga dei siste åra. 2017 vart gjort opp med eit negativt netto driftsresultat på 14,9 millionar kroner. Det korrigerte resultatet for 2017 vart minus 22 millionar kroner.

Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt
Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt

Den 8. oktober presenterte regjeringa forslaget til statsbudsjett for 2019. Dette viser at Fjell kommune får ein nominell vekst på 66 millionar kroner. Økonomisjefen tok ein gjennomgang av kva konsekvensar oljenedturen har hatt for Fjell kommune i perioden 2018 til 2018. For nokre år sidan hadde Fjell kommune høgare skatteinngang enn landsgjennomsnittet. Dei seinare åra har Fjell hatt svakare skatteinngang enn landet i gjennomsnitt. Dette har dei fire siste åra (2015-2018) gjeve eit tap i skatteinntekter på 65 millionar kroner.

Rekneskapen etter ni månader viser ein minus på om lag 25 millionar kroner. Ifølgje økonomisjefen kan årsresultatet hamna på pluss/minus 30 millionar kroner. Aktuelle innsparingstiltak i 2019 kan vera å halda stillingar vakante, nytta eksterne prosjektmidlar, redusera bruk av vikar, innsparing i rammetimetalet i skulen, redusert bruk av energi, bruk av bundne fond og endring av turnus. Vedtak om endring av skulestrukturen vil også gje innsparing.

Budsjett for 2019

Framlegg til driftsbudsjett for 2018 har ei ramme på 1,9 milliardar kroner. Det er føreslått ein gebyrauke på fire prosent. Det er lagt opp til minimumsavdrag på 51 millionar kroner. Netto driftsresultat vert på 14,5 millionar kroner. Dette vert dekka inn med bruk av disposisjonsfond (fire millionar kroner) og bruk av bundne fond (10,6 millionar kroner).

Framlegget til investeringsprogram viser ei brutto investering i 2019 på 238 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter. Med momskompensasjon, bruk av kapitalfond og støtte frå Husbanken, vert det teke opp 186 millionar kroner i lån for å finansiera investeringane. Dei største postane er gravplass på Landro, utbetring av skular, utvikling av Ågotnes, ombygging/rehabilitering og lokalmedisinsk senter.

Lokalmedisinsk senter, som opnar like over nyttår, har ei kostnadsramme på 320 millionar kroner. Prosjektet vert finansiert med sal av tomt på Coast Center Base (82 millionar kroner), momskompensasjon (23 millionar kroner) og Husbank-midlar (70 millionar kroner) og lån (145 millionar kroner).

På budsjett- og strategimøtet var det også presentasjon av KOSTRA-tal, status for tenesteområda og drøfting i plenum.

Her kan du lesa framlegg til handlingsprogram, driftsbudsjett og investeringsprogram.

Her er innkalling og rapportar frå Telemarksforsking.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

 


Publisert: 16.10.2018 12:16
Sist endret: 16.10.2018 13:25