Facebook ikon Twitter logo Print side

Krosno-delegasjon på besøk i Fjell

Denne veka har Fjell kommune hatt besøk av ein delegasjon på fire personar frå venskapsbyen Krosno i Polen. Delegasjonen var leia av ordføraren i byen, Tomasz Soliñski.


Deltakarane på møtet i Fjell i dag.

På samlinga i komitésalen i dag var også naboordførarane Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden) til stades. Tema for drøftinga i dag var organisering og styresett lokalt og nasjonalt.

Kultursjef Lennart Fjell har ved fleire høve vore i Krosno. Han har også hatt ansvar for at ungdomar frå Fjell har fått vera med på konferansar i Polen der det har vore utveksling med ungdomar frå fleire land gjennom International Youth Meeting. Lennart Fjell meinte at i dette samarbeidet har ein funne ein perfekt modell, ikkje minst med tanke på utfordringane knytt til integrering.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, orienterte om kommunereformarbeidet i regionen vår. Ordførar Tomasz Soliñski informerte om liknande reformar i Polen. Der har det vore ei utfordring å få folket med på slike prosessar. Mange er redde for at samanslåingar kan resultera i ein dårlegare økonomi for folk.

Ordførar i Krosno; Tomasz Soliñski
Ordførar i Krosno; Tomasz Soliñski

På fredag hadde delegasjonen frå Krosno møte med Vest Næringsråd og besøk på Fjell festning. Laurdag og sundag er dei på plass på Straume for å oppleva Sykkel-VM.

Deltakarane

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 22.09.2017 13:22
Sist endret: 22.09.2017 13:33