Facebook ikon Twitter logo Print side

Kulturprisen gjekk til Oddvar Rebnord

Det var fest på Bakscenen på Straume fredag kveld. Kulturprisen for 2018 vart tildelt Oddvar Rebnord. På Kultur- og idrettsgallaen vart det delt ut fleire prisar, og mange vart heidra.

Kulturprisen gjekk til Oddvar Rebnord.

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som delte ut prisen godt assistert av kultursjef Lennart Fjell. Ordføraren viste til at kulturprisen dette året går til ein person som har vore aktiv i korrørsla frå tidlege ungdomsår.

- Som familiemann sørgde han for at også barna fekk kjenna på gleda av song og musikk. Vinnaren har i mange år vore aktiv i Fjellkoret og har vore delaktiv i mange og store oppsetjingar. Vinnaren har vore ein brubyggjar for song- og musikkarbeidet og har gjort eit godt stykkje arbeid for fellesskapet. Han har også påtatt seg eit nytt arbeidsoppdrag med å etablera eit kulturråd for Nye Øygarden kommune, sa ordføraren før ho overrekte prisen.

Frivilligprisen

Frivilligprisen for 2018 gjekk til Home Start Familiekontakten. Dette er ein organisasjon som engasjerer mange frivillige og bidreg til at mange familiar får hjelp i kvardagen.

Frivilligprisen gjekk til Home Start Familiekontakten.

- Dei frivillige er om lag, for det meste, 40 damer i vaksen alder som gir av seg sjølv og gjer ein viktig jobb for andre, sa ordføraren før ho delte ut prisen.

Folkehelseprisen

Det var Stiftinga Fjell festning og Museum Vest som fekk Folkehelseprisen 2018. Denne prisen skal stimulera til å auka merksemda og innsatsen knytt til folkehelsearbeidet i kommunen.

- Gjennom 2018 kan vinnarane visa til historisk høge besøkstal på det området dei forvaltar. Høg grad av fysisk tilrettelegging gjennom flotte friluftsområde skapar attraktivitet for mange. Gjennom gode opplevingsaktivitetar som relevante og gode utstillingar, konsertar og for ikkje å snakka om Light-festivalen, skapar det noko unikt og får folk opp av godstolen og ut på tur til ei flott oppleving, sa Marianne Sandahl Bjorøy då ho delte ut prisen.

Kultur- og idrettsgallaen vart leia trygt og godt av Ingvild Johannesen og Chris Andre Misje Lygre. I løpet av kvelden hadde Ingvild fire (!) forskjellige kjolar. Med solide lokale song- og musikkrefter som husbandet Driv, Gardsbruk, Endre Nordvik og Fjell kulturskulekor vart det ei flott ramme for gallaen.

Vigleik Røkke Mathisen (stadansvarleg) og Eli Årdal Berland (styreleiar) tok imot Folkehelseprisen på vegner av Fjell festning/Museum Vest.

Heidersprisar

Fjell kulturskulekor vart vinnar av heidersprisen til Sotra Musikkråd. Leiar Oddvar Rebnord understreka at det er viktig å starta med og la barna verta glad i musikk tidleg.

- Det er berre litt trist at det er vanskeleg å få gutar med i kulturskulekoret, sa Rebnor. Dirigent Åshild Eriksen tok i mot prisen på vegner av koret.

Heidersprisen til idrettsrådet gjekk til Knut Midttun, medan Ungdommens idrettspris gjekk til Ole Lange. Stine Revheim Svellingen og Gunhild Rebnord fekk kvar sine 10 tusen kroner i kulturstipend.

Heider

Ei rekkje personar og lag og organisasjonar fekk heider for sin innsats innan kultur og idrett. Dette var Svein Lie (Sotra Brass), Fjell Turlag/Sotra og Øygarden Turlag, Kenneth Bruvik (friluftsentusiast), Maria Ekerhovd (filmeregissør og produsent), Bobbie Peers (filmregissør og manusforfattar), Irene Ahnell (skodespelar, regissør og forfattar), Endre Nordvik (musikar), Thor Økland (forfattar), Alexander Sandtorv (kjemikar og forfattar), Bjor Huseby Grønner (kunstnar), Anders Honningdal (dokumentarfilm), Fjell kulturskulekor, Daniel Grindeland (dansar og skodespelar), Sotra Sjakklubb), Sotra Golfklubb, Nordre Fjell Friidrett, Nordre Fjell Allianse, Geir Malott (gyrokopterpilot), Andreas Takvam, Olav Ingebrigtsen (sandvolleyball), Peter Brennhaug (volleyball), Cecilie Sekkingstad (løping), Isabel Carina Nakken Cloin (kraftsport), Andre Rasmussen (karate), John Olav Ågotnes (skyting), Ole Kristian Ågotnes (skyting), Sartor Sportsskyttarlag, Sotra Sportsklubb, Nest-Sotra Fotball, Fjell Karateklubb, Sotra Taekwon-Do-klubb, Vestkantsvømmerne og Ran Seilforening.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Kultur- og idregallaen 2019:


Sist endret: 15.02.2019