Facebook ikon Twitter logo Print side

Kulturskulen fekk oss i julestemning

Det var mange medarbeidarar i Fjell kommune som hadde bruk for å setja seg ned i kyrkjebenkene i Foldnes kyrkje i dag. Mykje skal ordnast før jul. Då er det godt å ta seg tid til å la Fjell kulturskulekor gje oss ein variert konsert med høgt musikalsk nivå.

Fjell kulturskule fyller 40 år i år, og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy brukte mykje av helsinga si til å snakka om kulturskulen og det gode arbeidet som går føre seg der heile året. Julekonserten var avslutninga på jubileumsåret.

- Mange skodespelarar og musikantar kan visa til at dei starta karrieren i Fjell kulturskule. Kulturskulen gjev eit godt kulturtilbod til alle. Kanskje skulle deltakaravgifta vore noko lågare enn ho er, sa ordføraren.

Ho viste til at kulturskulen har ei heilt spesielle rolle. Alle kommunane skal ha eit musikk- og kulturtilbod for alle.

- Det er ikkje snakk om opptakskrav, men alle skal få prøva seg. Det er bra i eit samfunn som er prega av prestasjonar, sa Sandahl Bjorøy.

I helsinga kom ho også innom det faktum at det berre er eitt år til vi er ein ny kommune.

- Det er både store og små endringar i vente. Endringar er vanskeleg, men gjev også moglegheiter. Vi ønskjer først og fremst å gje gode tenester og at det vert ein god kommune å leva i. Eg vil nytta høvet til å ønskja dykk alle ein god jul og eit godt nyttår, avslutta ordføraren.

Ein del av repertoaret på julekonserten var det same som på Ottesong den Luciadagen for ei veke sidan. Fjell kulturskulekor (ungdomskoret) gav oss mellom anna svenske folketonar med «Bereden väg for Herre» og Goder afton» i tillegg til «Olive Tree» og «This Little Babe».

Dirigent Åshild Eriksen leia det heile med trygge hender godt assistert av Mai Goto på klaver. Det var også solosong, duett og framføring på gitar, klaver, fløyte og trompet. I det heile tatt fekk vi ein variert konsert som publikum tydeleg sette stor pris på. Sjølv om vi fekk oppleva ein variert og flott konsert, er det noko vi aldri kan endra på. Også i dag reiste vi oss til slutt og sang «Deilig er jorden».

Konserten var eit samarbeid mellom Personalsjefen og kulturskulen. Dermed vart det graut på oss også.

Det er berre å seia som det er; Kulturskulen sviktar aldri!


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå konserten:

Hallgeir Fiskaaen og Kaia-Sofie Mortensen. Kaia-Sofie Mortensen.Olav IngebrigtsenMaria Myklemyr ReiteVegard Kristiansen MarøyFjell kulturskulekor (ungdomskoret)Ordførar Marianne Sandahl BjorøyIgvill Espedal


Sist endret: 20.12.2018