Facebook ikon Twitter logo Print side

Kunnskapsdepartementet besøkte Knappskog

Knappskog barnehage og Knappskog skule fekk i dag besøk av statssekretær Rikke Sjøberg med følge frå kunnskapsdepartementet. Ho er i Fjell for å sjå meir på korleis skule og barnehage jobbar saman med læringsmiljøarbeidet gjennom Trygg I Fjell.

Besøk av statssekretær Rikke Sjøberg med følge frå kunnskapsdepartementet

Dinosamling i Knappskog barnehage

Først besøkte dei Bergknausen avdeling for førskulebarn i Knappskog barnehage der Tordis Kolltveit leia ei dinosamling. Tema for dagen var følelsar og det å vere stolt.

Tordis Kolltveit leia ei dinosamling

Nettvett på Knappskog skule

Vidare fekk dei delta på eit klassemøte på 4. trinn der nettvett var hovudtemaet. Kontaktlærarane Anette Lindquist og Maria Hatløy innleia møte med ein kort filmsnutt, så drøfta dei innhald og konkrete situasjonar saman med elevane.

Nettvett på Knappskog skule

 

Omvisning på miljøbasen

Etter møte fekk delegasjonen frå kunnskapsdepartementet ei omvising på miljøbasen der Cecilia Byrknes orienterte om korleis vi brukar basen til å styrka elevmiljøet på skulen. Skulesjef Wilhelm Anglevik, barnehagesjef Margun Landro og komiteleiar Ernst Einarsen var og med i følge som besøkte barnehagen og skulen i dag.

Etter møte fekk delegasjonen frå kunnskapsdepartementet ei omvising på miljøbasen

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor Knappskog skule

Fleire bilete


Publisert: 29.10.2018 14:36
Sist endret: 29.10.2018 14:42