Facebook ikon Twitter logo Print side

Kunnskapsmininisteren besøkte Knappskog skule

Det var stor stas i dag då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen troppa opp på Knappskog skule for verta kjent med prosjektet «Digg læring». Statsråden fekk innføring i bruk av ny læringsteknologi i innføringsklassane, lese- og skriveopplæring på det første årstrinnet som ein del av «Digg læring» og møte med sjette årstrinn som i fjor starta med digital undervisning.

Naya Hamso forklarar statsråden korleis ho får opplæring i norsk på iPad.
Naya Hamso forklarar statsråden korleis ho får opplæring i norsk på iPad.


- Kor lenge har du hatt opplæring i norsk? ville statsråden vita då han tok ein prat med Naya i ein av innføringsklassane.

- Eg har lært norsk sidan mai, sa Naya Hamso.

- Då er du kjempeflink, var svaret frå kunnskapsministeren.

Då Røe Isaksen kom til Knappskog skule, orienterte rektor Odd-Erik Kjeldstad generelt om Knappskog skule og den digitale undervisninga som er teken i bruk på skulen. På Knappskog starta innføringsklassen og femte klasse (no sjette klasse) med digital undervisning i fjor. Resten av elevane tek denne forma for undervisning gradvis i bruk..

Statsråden tok seg god tid til å helsa på og snakka med elevane.
Statsråden tok seg god tid til å helsa på og snakka med elevane.


- Vi opplever at denne undervisninga gjev gode resultat, ikkje minst for gutane. Vi har eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv gjennom Kunnskapsbyen Vest. Vi ønskjer å gje elevane ferdigheiter for framtida, sa rektoren då han ønskte statsråden velkomen.

Ansvarleg for innføringsklassen, Cecilie Byrknes, orienterte om korleis det vert gjeve digital undervisning med bruk av iPad for elevar med innvandrarbakgrunn. Elevane i innføringsklassen går på Knappskog i eitt år før dei vert overførte til nærskulen.

- Vi skal byggja identitét og læra dei grunnleggjande norsk. Pilotprosjektet «Digg læring» fungerer godt både for elevane og dei heime, kunne Byrknes fortelja.

Lektor Ingvild Vikingsen Skogestad er sentral i prosjektet «Digg læring». Ifølgje lektoren handlar det om å henta, vurdera og bruka kunnskap.

- Vi brukar kreative verktøy, og resultatet er meistring og meir motiverte elevar, sa Vikingsen Skogestad.

Her er fleire bilete frå kunnskapsministeren sitt besøk på Knappskog skule:

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Åshild Meling


Publisert: 16.02.2017 14:58
Sist endret: 16.02.2017 15:08