Facebook ikon Twitter logo Print side

Kunnskapsministeren: -Antimobbearbeidet har ikkje fungert godt nok

- Vi veit i sum at antimobbearbeidet ikkje har fungert godt nok. Det er farleg å seia at «her er det ikkje mobbing». Dette er eit kontinuerleg arbeid som aldri må stoppa, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han fekk ordet på fagkonferansen i Sotra Arena «Saman mot mobbing» torsdag føremiddag.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Framfor dei 450 deltakarane på fagseminaret presenterte han tre søyler i arbeidet mot  mobbing. Det er kompetanseheving, støtte og rettleiing og endring i lov og regelverk.

- Det arbeidet de gjennomfører i Trygg i Fjell er eit godt døme på kompentanseheving, sa ministeren.

Sjå innlegget frå statsråden her (introduksjon ved ordførar Marianne Sandahl Bjorøy):

Nytt lovforslag

Regjeringa presenterte i går eit lovforslag der nulltoleranse mot mobbing vert lovfesta. Regjeringa vil gje skulane tydelegare og strengare reglar for kva dei skal gjera når barn vert mobba og styrkja rettane til barna og foreldra deira. Lovforslaget inneber både nye reglar og endringar i dei eksisterande reglane.

- Det skal vera forbode å mobba. Regelendringane skal sikra at det er enkelt å forstå kva alle i skulen skal gjera, og skulen skal vera opptekne av at det aller viktigaste er å førebyggja, avdekkja og handtera mobbing. Elevane skal også ha eit tryggleiksnett utanom skulen. I dag er klageordninga for dårleg og tek for lang tid. Med dei nye reglane vil eleven ha rett til å gå rett til Fylkesmannen utan å senda klagen til skulen først, sa Torbjørn Røe Isaksen.

Å flytta eit mobbeutsett barn

På fagsamlinga i dag heldt Jannicke Nordbø eit sterkt innlegg om å «flytta eit mobbeutsett barn». Synne Hall Arnøy frå Rosa Kompetansen snakka om identitetsbasert mobbing. Ho stilte spørsmål om korleis vi kan skapa plass til alle «annerledesheter». Universitetslektor Tove Flack heldt innlegg om «Skjult mobbing, dynamikk og motiv». Seinare på dagen
var det panelsamtalar med fokus på brukarperspektiv, erfaringsperspektiv og kunnskapsperspektiv.

Jannicke Nordbø hadde eit strekt innlegg om mobbing
Jannicke Nordbø hadde eit strekt innlegg om mobbing.

TRYGG I FJELL arrangement

I går var det samlingar for 2 700 elevar på dagtid og godt over tusen foreldre om kvelden. Totalt har om lag 4 500 personar vore innom Sotra Arena for å delta på dei tre arrangementa gjennomført i regi av Trygg i Fjell.

Fagkonferanse - Saman mot mobbing
Fagkonferanse - Saman mot mobbing.

Her kan du lesa om samlinga for elevane på onsdag føremiddag, og her kan du lesa frå kveldsarrangementet i går kveld.

Besøk på to skular i Fjell

Etter foredraget i Sotra Arena, deltok kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på folkehelsekampanjen til Sykkel-VM ved Danielsen skule. Besøket i Fjell vart runda av med besøk på Knappskog skule der det handla om digital opplæring (Digg læring). Sjå
eiga sak om besøket på Knappskog skule.

Naya Hamsho viser kunnskapsministeren korleis Ipad vert brukt i undervisninga.
Naya Hamsho viser kunnskapsministeren korleis Ipad vert brukt i undervisninga.

Fotogalleri

TRYGG I FJELL konferanse - Saman mot mobbingTRYGG I FJELL konferanse - Saman mot mobbingRektor på Gangstø Ressurssenter og prosjektleiar i TRYGG I FJELL Guttorm HelgøyJannicke NordbøSynne Hall Arnøy i Rosa kompetanseFrå venstre; Guttorm Helgøy, varaordførar Tom Gerog Indrevik, rådmann Steinar Nesse, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, barnehagesjef Margun Landro, leiar PPT Jogeir Sognnæs, prosjektleiar Marianne Callan Gjerstad, skulesjef Wilhelm Anglevik og mobboombod i Hordaland Mari-Kristine Morberg.Frå venstre; skulesjef Wilhelm Anglevik, ordførar i Øygarden kommune Børge Haugetun, ordførar i Fjell kommune Marianne Sandahl Bjorøy og helsesjef Terje Handal.Kunnskapsministeren i samtale med Jannicke NordbøMingling på konferansen; Saman mot mobbingOrdførar Marianne Sandahl Bjorøy og skulesjef Wilhelm AnglevikOrdførar Marianne Sandahl BjorøyOrdførar Marianne Sandahl Bjorøy og kunnskapsminister Torbjørn Røe IsaksenInnlegg frå kunnskapsministerenMobbeombod i Hordaland Mari-Kristine MorbergMobbeombod i Hordaland Mari-Kristine MorbergKunnskapsministeren deltok på folkehelsekampanjen til Sykkel-VM ved Danielsen skule

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland


Publisert: 16.02.2017 15:55
Sist endret: 16.02.2017 14:48