Facebook ikon Twitter logo Print side

Kurs - Leve godt med KOLS

Ønskjer du betre pust og meir energi? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar? Her finn du informasjon om kurset, oppstart og påmelding.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Leve godt med KOLS

Ønskjer du betre pust og meir energi? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar?

Å leve med KOLS kan føre til store endringar i kvardagen.

Kurset er for deg som

  • Vil trene i gruppe leia av fysioterapeut i lag med andre i liknande situasjon
  • Treninga vet tilpassa kvar einskild
  • Ønskjer å snakke med andre om å leve med ein alvorleg sjukdom
  • Ønskjer å lære meir om kosthald for å meistre sjukdommen best mogleg

Om tilbodet

  • Tilbodet er for deg over 18 år og som har KOLS eller tilsvarande lungesjukdom. Du må sjå nytte av å trene og ønskje å lære meir om å leve med sjukdommen.
  • Trening to ganger i veka med fortløpande påmelding.
  • Siste torsdag i måneden er det samtalegruppe med ulike tema. Gjennomgåande tema for gruppene er korleis du kan få best mogleg livskvalitet og fremme kvardagsmeistring.
  • Du vil kunne trene i trygge omgjevnadar, dele erfaringar og lære av andre.

Det er viktig at du kjem deg til trening og heim att sjølv. Vi kan ikkje administrere medisin for deg, så det er viktig at du kan rådføre deg med lege om eventuelle justeringar av medisin i samband med treninga.

Oppstart

Ta kontakt med Friskliv- og meistringskoordinator for oppstartsdato.

Pris

Kr. 200,-/mnd, inkluderer mulighet til å trene frem til kl. 15 på hverdager på Sprek og Blids sentre på Sotra. Betaling frå månad til månad.

Spørsmål og påmelding til Frisklivs- og meistringskooordinator på telefon 55 09 68 59/450 33 267 eller e-post fms@offentleg.no. Du kan ta kontakt gjennom din lokale frisklivssentral.

For meir informasjon om tid og stad, sjå kalender.

Arrangør Frisklivs- og meistringssenteret i Fjell, Sund og Øygarden i samarbeid med Sprek og Blid Skogsvåg og Straume.

Her finn du meir informasjon om Friskliv- og meistringssenteret og andre kurs.


Publisert: 30.08.2017 07:50
Sist endret: 30.08.2017 07:55