Facebook ikon Twitter logo Print side

Kurs for erfarne bilsjåførar

Det var nok mange erfarne sjåførar som fekk gode køyretips då Aktiv+ inviterte til kurs for Bilførar 65+ i Sotra Arena i sist veke. Repetisjon er visdommens mor heiter det, men ifølgje Egil Haaland var det også mykje nytt å læra på det første av seks fullteikna kurs.

Frå den første kursdagen for Bilførar 65+
Frå den første kursdagen for Bilførar 65+.

På torsdag og fredag vart det første kurset gjennomført. I samarbeid med Statens vegvesen skal det gjennomførast fem slike kurs til. På kurset klarte Ingrid-Helen Husa frå Statens vegvesen å ufarleggjera kurset for bilførarar over 65 år. Dei fleste var sikkert erfarne, men nokre har kanskje ikkje køyrt bil så mykje dei siste åra. Uansett, nyttig var det tydelegvis for alle.

- Ho tok utfordringa om å arrangera kursa her ute på straks arm, seier Egil Haaland.

Kursa blei fullteikna etter kort tid. På torsdag og fredag var dei første elevane på plass.

- 24 lyttande og diskusjonsvillige deltakarar fekk oppfriska mange av sine slumrande kunnskapar, men ikkje minst; det var mykje nytt og nyttig å læra også. Dette var ein god måte å bruka fire gonger to timar på. Dette handlar om trafikktryggleik, seier ein godt nøgd Egil Haaland.

Ingrid-Helen Husa sa at bilførarar som har teke kurset før dei har fylt 75 år, har 35 prosent mindre risiko for å få tildelt skuld i uhell der fleire partar er involverte. Det er også ein tendens til at dei som har teke kurset er litt meir varsame når dei ferdast på vegen, (TØI-rapport 2011).

Foto: Egil Haaland


Sist endret: 03.11.2019