Facebook ikon Twitter logo Print side

Kurs: Mindfull Eating

Endre ditt forhald til mat for alltid, gjennom mindful eating. Oppstart 13. januar 2019.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Foto: Colourbox

Om kurset

Rådgjevning om spiseforstyrrelser tilbyr nå kurset «Bli venn med maten».

Dato | Tid | Stad

Oppstart: 13. januar 2019. Tidspunkt: kl 16–19. Skogsvåg, Sotra

Omfang

Kurset varer åtte veker og har som mål om hjelpa deg til å få att eit sunt og føremålstenleg forhald til mat. Kurset er fylt med praktiske øvingar for å auke forståinga av eigen kropp og kroppen sine signal.

Kvar samling er på 3 timar.

Målgruppe

Kurset passer for deg som kan svare ja på fleire av spørsmåla under:

  • Er det vanskeleg for deg å setje grenser?
  • Brukar du mat for å trøste deg sjølv?
  • Har du mista kontakten med mettheitskjensla?
  • Småspis du store delar av døgnet?
  • Har du mange reglar knytt til ja- og nei- mat?
  • Skaper reglane kaos i hovudet?
  • Kjenner du på tomheit, tristheit eller skam etter du har overspise?
  • Gjer reglane knytt til mat deg trist og sliten?
  • Ønskjer du deg eit avslappa og naturleg forhold til mat?
  • Ønskjer du deg eit avslappa og naturleg forhold til kropp og utsjånad?

Påmelding

Meld deg på til Cecilie Kalvik som er instruktør.

Pris

Kurset kostar kr 1000,- for 8 veker pluss kr 200 i støttemedlemskap til ROS. Faktura vert sendt før kursstart.

Kurset vert evaluert i samarbeid med Universitetet i Bergen og Modum Bad.

Kontakt

Tlf.: 484 51 013 | E-post: post@celiaconsult.no

Om instruktør

Cecilie Kalvik

Bakgrunn: Er samfunnsvitar med psykologi og pedagogikk, har skrive masteravhandling om handtering av mobbing og held på med vidareutdanning i mindfulness ved VID. Har jobba med personal, HMT og kvalitet, vore vikar i PPT og skule og jobba litt i psykiatriteneste. Var sjuk med spiseforstyrringar i 15 år, blei frisk då hun fikk mindfulnessbasert behandling ved Haukeland sjukehus i 2004.


Sist endret: 08.01.2019