Facebook ikon Twitter logo Print side

Kystsogevekene inviterer til vintersamling

Den 15. februar vert det invitert til vintersamling i regi av Kystsogevekene. Dette er nytt tilbod og skal vera ei samling for aktørane knytt til Kystsogevekene. Samlinga vert i klubbhuset til Ran Seilforening på Anglavika i Fjell.

Illustrasjon

Tanken er at dette skal vera ein møtestad for å treffa andre som arbeider med Kystsogeveke-arrangementa som kommunale kulturfolk, arrangørar, utstillarar, politikarar, artistar og alle andre som har interesse av arbeidet til Stiftinga Kystsogevekene. Målet er å fremja kystkulturen i dei 22 kommunane på Vestlandet frå Gulen i nord til Sveio i sør.

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er Stiftinga Kystsogevekene sin viktigaste økonomiske støttespelar. Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Kystsogevekene speglar kystkultur fra alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

Kystsogevekene ønskjer at deltakarane bruker vintersamlinga til å møta andre aktørar rundt Kystsogevekene, deler erfaringar, utvekslar idear for korleis ting kan gjerast framover og ikkje minst blir inspirert.

Les meir på nettsida til Kystsogevekene.

Førebels program

10.00: Oppmøte/velkomst ved Marianne Bjorøy, ordførar i Fjell kommune, Marianne Sandahl Bjorøy
            Kulturelt innslag ved Vivian Steinsland frå Sund
            Dag Hundstad – Kystkultur – begrep og bevegelse
            Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell kommune: Kystsogevekene som identitetsbyggingsreiskap i samband med
            kommunesamanslåinga i 2020

            Beinstrekk/kaffi

            Sigvard Madsen, festivalsjef TysnesFest: Kreativ arenabruk i strandkanten på TysnesFest

12.00:  Kystsogevekene spanderer lunsj

            Kulturelt innslag ved lokale UKM-talent
            Gruppearbeid/diskusjon: Korleis vil de bruka Kystsogevekene framover?

            Beinstrekk/kaffi/kaker/frukt

            Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune: Slik gjer me det på Radøy
            Oppsummering

1530 Avrunding


Publisert: 09.02.2018 13:01
Sist endret: 09.02.2018 13:06