Facebook ikon Twitter logo Print side

La ned grunnsteinen for helsebygg på Straume

Litt etter klokka 11 i dag la dei tre ordførarane i regionen ned grunnsteinen for lokalmedisinsk senter på Straume. Nærare 100 personar var på plass for å markera grunnsteinnedlegginga som vart kombinert med kranselag (tett bygg). Med eit total kostnadsramme på 300 millionar kroner, er dette det desidert største og mest komplekse bygg Fjell kommune har vore byggherre for.

Dei tre ordførarane; Børge Haugetun (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) lag ned grunnsteining saman.
Dei tre ordførarane; Børge Haugetun (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) la ned grunnsteinen saman.

- Dette skal verta eit bygg for betre helse og for ei framtidsretta omsorg for alle, men særleg skal bygget og innhaldet i bygget møta behovet til dei eldre, ei befolkningsgruppe i sterk vekst, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy før ho saman med Sund-ordførar, Kari-Anne Landro, og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, trygt kunne leggja ned grunnsteinen i betonggolvet i inngangspartiet for det store helsebygget. I kassen som vart lagt ned, låg det mellom anna myntar/pengesetlar og siste utgåve av avisa Vestnytt.

- Dette lokalmedisinske senteret vil representera eit fantastisk løft for regionen her vest og ikkje minst for Nye Øygarden kommune når han vert ein realitet i 2020, sa ordføraren og retta ein stor takk til Helse Bergen som har vore svært positiv og løysingsorientert gjennom heile prosessen. Ho retta også takk til Husbanken som har bidrege med å finna gode finansierlingsløysingar.

9 200 kvadratmeter

Det lokalmedisinske senteret, lokalisert på Straume i Fjell, er eit samarbeidsprosjekt mellom Fjell, Sund og Øygarden og Helse Bergen. Fjell kommune er vertskommune og byggherre for det 9 200 kvadratmeter store bygget som er plassert sentralt i «Helselandsbyen». Kostnadsramma for senteret er 300 millionar kroner. Brødrene Ulveseth AS har totalentreprise for bygging av senteret der ramma er 152 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Arkitekt er Link arkitektur AS. Dette er det største enkeltprosjektet i regi av Fjell kommune nokosinne. Tvers over vegen for senteret driftar Helse Bergen Øyane distriktspsykiatriske senter, eit allsidig tilbod til dei som slit med si psykiske helse. Det lokalmedisinske senteret vert kopla opp mot Straume terapisenter og andre helse- og omsorgsinstitusjonar i området.

Helse Bergen var mellom anna representert ved viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad.

- Eg er imponert over kva ein har fått til i dette samarbeidet. Dette er ein glanseksempel, og det er kjekt å vera med på dette. Vi har svært god erfaring frå nabobygget, Øyane distriktspsykiatriske senter, der også Fjell kommune var byggherre. Slike prosjekt bidrar til at vi få flytta fleire tenester dit innbyggarane er, seier Faugstad.

Lokalmedisinsk senter er eit samarbeid mellom kommunane og Helse Bergen. Her er dei tre ordførarane saman med viseadministrerande direktør i Helse Bergen Anne Sissel Faugstad (til høgre).
Lokalmedisinsk senter er eit samarbeid mellom kommunane og Helse Bergen. Her er dei tre ordførarane saman med viseadministrerande direktør i Helse Bergen Anne Sissel Faugstad (til høgre).

Grunnsteinen vart lagt ned av dei tre ordførarane i fellesskap. Det nye senteret vert teken i bruk om lag eitt år før Nye Øygarden er ein realitet.

- Dette representerer framtida. Samfunnet og dermed også helsetenestene er meir komplekse enn før. Det er stor vilje til å tilby spesialisttenester nær folket. Den nye kommunen får no eit stort og viktig bygg som skal administrerast, seier Sund-ordførar Kari Landro.

Også ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, seier at dette er eit svært godt døme på eit framifrå samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane.

- Med dette senteret får vi eit komplett helse- og omsorgstilbod sjølv om vi ligg nær Bergen. Både Helse Bergen og kommunane kjem godt ut med dette. Saman med Helse Bergen har vi lukkast å vera framsynt, seier Haugetun som gjerne brukar uttrykket «minisjukehus» om det lokalmedisinske senteret.

Prosjektleiar Eirik Milde opplyste under markeringa i dag at arbeidet med senteret er i rute og at det er ferdigstilt fjerde kvartal 2018. Han var svært godt nøgd med arbeidet som er gjort så langt.

Mange tilbod under same tak

Ideen om eit lokalmedisinsk senter vart fremja i rapporten «Betre saman» i oktober 2009, ein rapport som kommunane i vest og Helse Bergen laga i fellesskap. Saman med andre helse- og omsorgstenester vil tilbodet i lokalmedisinsk senter gjera det mogleg for folk å bu lengst mogeleg i eigen heim. Det varierte tilbodet vil mellom anna femna om legevakt, fastlegekontor, restbehandling etter sjukehusopphald (intermediær avdeling), tilbod om øyeblikkeleg hjelp, dialyse av nyresjuke i regi av Helse Bergen, ei storsatsing på rehabilitering og korttidsplassar samt førebygging i eit frisklivs- og meistringssenter. Dessutan er det planlagt eit aksjonssenter der folk kan venda seg anten dei treng helsehjelp eller praktisk hjelp i hus og hage; ei dør inn til mange tenester. I første etasje vert det dagtilbod til pasientar og andre frå omsorgsbustader.

Tanken er at folk flest, særleg dei eldre, kan venda seg til kompetente fagfolk med sjukdom og plager slik at dei kan få rask hjelp til framleis å leva sjølvstendige liv i eigen heim utan unødvendige og passiviserande opphald i institusjon.

Byggjearbeidet for det lokalmedisinske senteret starta opp i september 2016. Bygget vil stå ferdig på tampen av 2018 med driftsstart i 2019.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Anderslandd

Her er fleire bilete frå markeringa i dag

Prosjektleiar Eirik Milde

 

 

 

 


Publisert: 19.10.2017 15:08
Sist endret: 19.10.2017 15:26