Facebook ikon Twitter logo Print side

La ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje

Etter gudstenesta den 17. mai la ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ned krans på minnestøtta etter dei falne under den siste verdskrigen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje.

- Minnestøtta som er reist ved Fjell kyrkje minner oss om dei mange unge gutane og mennene som reiste ut i krigen og som ofra seg for landet vårt. Vi bøyer oss i takksemd for dei som gav aller mest, dei som gav sin eigen fridom for at vi skulle få leva i han, sa ordføraren før ho la ned kransen.

I minnetalen viste ordføraren også til nabokommunen og bygda Telavåg som verkeleg fekk oppleva kor brutal ein krig er.

- Det vert etter kvart færre og færre som er augnevitne til det som skjedde der sør, og det er difor viktig for oss som ikkje opplevde dette å få kunnskap til den delen av historia vår, sa Marianne Sandahl Bjorøy til dei som var til stades under gudstenesta og minnemarkeringa etterpå.

Ordføraren talte før ho la ned krans ved minnestøtta.
Ordføraren talte før ho la ned krans ved minnestøtta

I talen viste ho til at det er ein samanheng mellom 1814, 1905 og 1945.

- Ulike merkeår minner oss om menneskeverd og fridom, fridom frå undertrykking, fridom til å forma sine eigne liv og fridom til å kunna håpa på ei betre framtid for dei som kjem etter oss, sa ordføraren.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Silje Ulveseth, Vest Næringsråd


Publisert: 17.05.2018 13:37
Sist endret: 17.05.2018 13:45