Facebook ikon Twitter logo Print side

La ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje

- I dag bøyer vi oss i takksemd for dei som gav aller mest, dei som gav sin eigen fridom for at vi skulle få leva i han. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy før ho etter gudstenesta i Fjell kyrkje la ned krans på minnestøtta.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy la ned krans ved Ordføraren la ned krans ved minnestøtta etter dei falne under den siste verdskrigen.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy la ned krans ved minnestøtta etter dei falne under den siste verdskrigen.

Ordføraren starta talen med at vi denne dagen feirar Grunnlova, fellesskapet, freden og fridomen. Ho minna om at fred og fridom ikkje er sjølvsagt og at han ikkje kjem av seg sjølv.

- 1814 via 1905 og til 1945. Dette er merkeår som minner oss om menneskeverd og fridom. Fridom frå undertrykking, fridom til å forma våre eigne liv og fridom til å kunna håpa på ei betre framtid for dei som kjem etter, sa Sandahl Bjorøy.

Ho viste til at dei som kjempa for Noreg i krigsåra håpa på akkurat det. Då det var på det mørkaste, var det framtidstrua som dreiv dei vidare.

- Er det noko vi kan læra og ta med oss vidare, så er det akkurat dette. Også her i Fjell var det mange som reiste seg mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Det var unge gutar og menn i sin beste alder som ofra seg for landet og for fridomen. Fleire av dei gav livet sitt for fedrelandet og var blant dei som de som reiste på skøytene mellom Noreg og England/Shetland. Og i nabokommunen vår Sund, fekk bygda Telavåg verkeleg oppleva kor brutal ein krig kan vera. Det som skjedde her, har sett djupe spor som alltid vil vera der, sa ordføraren.

I talen trekte ordføraren fram at vi er glade i landet vårt samstundes som vi samarbeider med andre for å sikra fridomen strekkjer seg ut til så mange som mogleg.

- Det er med stor takksemd eg skal få lov til å leggja ned ein krans ved minnestøtta etter dei falne frå Fjell under krigen. Med dette minnet kan vi likevel markera grunnlovsdagen som ein festdag for alle. Samstundes får vi vist at vi står saman om dei viktige og grunnleggjande verdiane i landet vårt, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy og Vetle Karlsen Eide.
Marianne Sandahl Bjorøy og Vetle Karlsen Eide.

Det var fungerande sokneprest i Fjell, Vetle Karlsen Eide, som leia gudstenesta i Fjell kyrkje på nasjonaldagen. Han gledde seg over det gode veret.

- Det er til å bli salig av, sa presten.

Han talte over ein tekst frå Lukas 17 om den takksame samaritanen som hugsa på å takka Jesus for å verta lækt. Karlsen Eide sa at vi har mykje å takka for og pakka ut den eine gåva etter den andre frå ein pakke han hadde plassert framme i kyrkja.

- Vi kan takka Gud for at vi kan få bu i dette landet. Vi kan vera håpsberarar, sa han.

Svein Lie spelte til songane ved kransenedlegginga.

På nasjonaldagen var det feiring i krinsane rundt om i heile kommunen. 

Toget på Foldnes
Toget på Foldnes

På grunn av ombygging og rehabilitering, feira Foldnes skule 17. mai på Foldnes skule. Toget gjekk frå kyrkja til helseområdet og i retur.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Fjell kyrkje og feiringa på Foldnes:

 

 

 


Sist endret: 17.05.2019