Facebook ikon Twitter logo Print side

La ned krans ved minnestøtta ved Fjell kyrkje

Etter gudstenesta i dag la ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ned krans ved minnestøtta ved Fjell kyrkje. - Namna på minnestøtta skal vera ein vekkjar for oss og komande generasjonar om kva motstandsfola gjorde for landet og kva det betyr for oss i dag, sa ordføraren då ho la ned kransen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ved minnestøtta. (Foto: privat).
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ved minnestøtta. (Foto: Morten Bjorøy)

Ordføraren viste til at det også i Fjell var mange som reiste seg mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Det var mange unge gutar og menn som i sin beste alder ofra seg for landet og fridomen.

- I Fjellvar det spesielt at det var mange russiske fangar som omkom under tysk fangenskap under bygginga av Fjell festning. Og vi kjenner alle historia om korleis bygda Telavåg i Sund fekk oppleva kor brutal krig er. Den 30. april i år ar det 75 år sidan tyskarane brente ned Telavåg, sa ordføraren.

Nils Harald Lie og Marianne Sandahl Bjorøy ved Fjell kyrkje.
Nils Harald Lie og Marianne Sandahl ved Fjell kyrkje

Ordførarn avslutta med å understreka at på denne dagen får vi vist at vi står saman om viktige og grunnleggjande verdiar i samfunnet vårt og at dette er verdiar som vi må hegna om og ta vare på.


Publisert: 17.05.2017 14:04
Sist endret: 17.05.2017 14:14