Facebook ikon Twitter logo Print side

Lanserer nytt band i serien Fjell bygdebok

Onsdag den 29. november vert det sjette bandet i serien Fjell bygdebok lansert. Dette skjer på Fjell folkeboksamling. - Boka er på 720 sider, og dermed er dette det tjukkaste bandet i serien til no, seier forfattar Halvor Skurtveit som vonar mange finn vegen til Fjell folkeboksamling på onsdag klokka 18.

Illustrasjon
Bilete/ill.: Monica Hovland

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy skal stå for den offisielle bokopninga. Leiar i bygdeutvalet Atle Justad og bygdeforfattar Skurtveit skal orientera om prosjektet og det siste bandet.

Det sjette bandet, «Mellom havet og byen» handlar om samfunnsutviklinga frå 1700 til 1910. Det tette, men motsetnadsfylte forholdet mellom folket på øyane i vest og bergensarane, står sentralt i boka. Mange av illustrasjonane har ikkje vore på trykk før.

Store endringar

Perioden mellom 1700 til 1910 var naturleg nok det første hundreåret og fram til 1814 prega av dansketida. Men det var også store endringar i denne perioden med betre bu- og helseforhold og innføring av skulevesen og demokratiske organ. Dei største endringane skjedde dei siste 50-60 åra med modernisering av fiskeri, etablering av dampskipsruter og handelsstader og utvandring til Amerika.

- Eg har lagt vekt på å fortelja historier om enkeltpersonar. I boka får vi ei omfattande skildring av fiskarbondesamfunnet. Det som er spesielt med Fjell og nabokommunane, er at det er kort veg til det som var den største byen i landet på 1700-talet. Det var spenning mellom byfolket og strilen sosialt og kulturelt. Forfattarar som Welhaven og Holberg hadde nedlatande skildring av strilen. Vår «eigen» forfattar Johan C.W. Juuhl, som hadde tilknyting til Fjell, hadde nok eit meir nyansert bilete av folket her ute, seier Skurtveit.

Perioden som er omtalt i boka er mellom anna prega av store endringar i folketalsutviklinga. På 1700-talet var det store variasjonar i folketalet på grunn av epidemiar som ramma kysten. På 1800-talet, særleg frå 1830 og utover, var folketalsutviklinga meir stabil. Ein unnatak var 1849 då ein koleraepidemi ramma området, seier Skurtveit. I 1700 var det om lag 850-900 innbyggjarar i Fjell, medan folketalet i 1910 var om lag 3 700.

Det sjette bandet «Mellom havet og byen» kan kjøpast i hjå lokale bokhandlarar og på servicetorget på rådhuset. På rådhuset kan du betala boka med Vipps.

Lanseringa på Fjell folkeboksamling på onsdag 29. november er open for alle. Det vert lett servering. Meld gjerne frå om du kjem via sms, telefon, e-post eller ved å klikka «Skal» eller «Deltek» på Facebook.

Les plakat for lanseringa her.


Tekst : Vigleik Brekke

 


Publisert: 23.11.2017 12:17
Sist endret: 23.11.2017 12:22