Facebook ikon Twitter logo Print side

Lærlingar på utdanningsmesse

Fjell kommune representerte lærlingordninga på Utdanningsmessa i Sotra Arena i går kveld.

Bilete frå venstre; Muhamad Nasar-Byggdrifter-faget, Evelyn Tofterå Persson- Koordinator for alle lærlingane, Victoria Lunde og Rebecka Andersen- Kontor og administrasjons-faget, Lasse Lervik-Barne og ungdomsarbeidarfaget, Oliver Kolltveit og Kristian Utvær IKT-faget. Aleksander Matthews og Camilla Wilhelmsen frå Helsefag, Helene S. Nordeide BUA-faget og Nina Høiem fagle leiar i BUA-faget var også med på messa.

Lærlingar er med å fram snakka faget sitt.

Tysdag 16.januar 2018 arrangerte «Rotary» Utdanningsmesse for alle 10.klassingar i Sund, Øygarden og Fjell kommune. Lærlingane i Fjell kommune representere desse faga: IKT, Kontor og administrasjon, Byggdrifter, Helsefag og Barne og ungdomsarbeidarfaget.

Ungdomsskuleelevane var flink til å spørje lærlingane våre ut om de ulike faga. Det er svært positivt at lærlingane sjølve fortel om yrket sitt til dei besøkjande. Det er og interessant for de unge elevane at det er løn under utdanning. Nytt i 2017 er Byggdrifter-faget, der vi nå har 2 lærlingar i drift på Eigedomsavdelinga. Politiet hadde lagt til rette for «kvis» for elevane, slik at alle måtte innom kvar stand. Ei jente frå Fjell ungdomsskule var heldig vinnar av ny I-phone. Vi hadde ein svært kjekk og travel kveld i Sotra Arena. Arrangøren «Rotery» legg fint til rette for mange stand på messa.

Fjell kommune søkjer nye lærlingar frå hausten 2018.

Tekst: Evelyn Tofterå Persson
Bilete: Monica Hovland

Publisert: 17.01.2018 14:28
Sist endret: 17.01.2018 14:32