Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg fram 2018-budsjett i balanse

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 31. oktober som første instans behandla budsjettet for 2018, økonomiplanen for 2018-2021 og kommunen sin handlingsdel 2018-2021.

Ilustrasjon

Budsjettforslaget frå rådmannen er på 1,79 milliardar kroner er lagt fram i balanse etter at sektorane har fått trekt ned sine rammer med totalt 22,1 millionar kroner. Budsjettet er elles ei vidareføring av aktivitetsnivået frå 2017.

I framlegget er det ikkje gjort fondsavsetjing til lokalmedisinsk senter (LMS), men det er innarbeidd ni årsverk øyremerkt til LMS i driftsbudsjettet og eitt årsverk i investering. Det er budsjettert med bruk av bundne fond knytt til prosjekt på 4,8 millionar kroner. Det er så langt ikkje budsjettmed drift av ROP-hus på Bildøyna i 2018 (ROP: Rus og psykiatri).

Dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) er rekna ut etter ein prognosemodell frå KS (organisasjonen for kommunesektoren), men skateinntektene er strekt 10-15 millionar kroner ut over det som modellen viser. Det er lagt inn eigedomsskatt på 5,4 millionar kroner, og det er vidare budsjettert med fem millionar kroner frå det langsiktige kapitalfondet. For å balansera budsjettet, er det ikkje budsjettert med opplæringsmidlar.

Rådmannen føreslår fire prosent auke i gebyr og brukarbetalingar. Byggjesaksgebyret er føreslått auka med 2,6 prosent.

I 2018 er det lagt opp til ei brutto investeringsramme på 148,1 millionar kroner. I tillegg kjem 100 millionar kroner avsett til lokalmedisinsk senter (LMS). Dei største investeringane i 2018 utanom LMS er rehabilitering/utbygging Landro skule, utbetring Bjorøy skule, vegutbetring, ombygging/rehabilitering bygg, bustader til andre og IKT-satsing.

Formannskapet får budsjettet på sakskartet den 8. november og vil venteleg senda budsjettet til offentleg høyring. KDF behandlar budsjettinnspela den 5. desember før endeleg behandling i kommunestyret den 14. desember.

Rår frå å busetja einslege mindreårige

Rådmannen rår frå at Fjell kommune tek imot ti nye einslege mindreårige slik Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt om. Totalt er det venta 210 einslege mindreårige flyktningar til Noreg i 2018. Kommunestyret behandla førespurnaden frå IMDI i juni, og då vart det vedteke å evaluera busetjing av einslege mindreårige i 2015 og 2016 før det vart vedteke å ta imot fleire frå denne gruppa.

I statusevalueringa går det fram at det faglege innhaldet i einslege mindreårige tiltak i Fjell fungerer godt og at det mest utfordrande er integrering og inkludering i det norske samfunnet. I vurderinga skriv rådmannen at som ein konsekvens av lågare tal på busettingar, må kommunen vurdera om tilpassingar av kapasitet på tiltaka er i samsvar med kor mange som vert busett. I eit slikt bilete, konkluderer rådmannen at det ikkje er tilrådeleg å leggja til rette for eit mottak av ti nye einslege mindreårige flyktningar i Fjell neste år.

KDF skal også ta stilling til høyring om tilskot til utleigebustader frå Husbanken.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 25.10.2017 15:35
Sist endret: 25.10.2017 15:40