Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg om busstrafikken i Bergen sentrum

Dersom du skal ta buss frå Bergen mot vest, må du frå den 23. april ta bussen frå Bergen busstasjon. Olav Kyrres gate og Nordal Bruns gate vert stengd frå denne datoen, og mange busstopp i Bergen vert flytta.

Arkivfoto

Frå den 23. april vert Bergen busstasjon den einaste haldeplassen i sentrum for bussar som skal til Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Alle busslinjene frå Askøy, Fjell, Sund og Øygarden vil som vanleg gå via Festplassen og vidare til Bergen busstasjon.

Merk at nattbussane mot vest går frå ny mellombels haldeplass som vert oppretta i Lars Hilles Gate (i høgre køyrefelt mellom Grieghallen og kode).

Arbeidet med å rusta opp Olav Kyrres gate vil ta om lag eitt år. Gata skal leggjast betre til rette for både kollektivtrafikk og mjuke trafikantar.

Les meir på heimesida til Skyss.

Kart


Sist endret: 09.04.2019