Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Branndalsåsen ut til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok tysdag kveld å leggja områdereguleringsplan for Branndalsåsen, Bildøyna, ut til offentleg ettersyn.

Kjell Rune Garlid (nr. eín frå venstre, Daniel-Victor Sandvik (nr. to frå venstre) Johannes Kobbeltvedt (heilt til høgre) ville ha høgare seglingsleid for gangbrua. Helge Nilsen (KrF, nr. tre frå venstre) røysta med fleirtalet.
Kjell Rune Garlid, Sotralista (nr. eín frå venstre), Daniel-Victor Sandvik, Frp (nr. to frå venstre) Johannes Kobbeltvedt, Senterpartiet (heilt til høgre) ville ha høgare seglingsleid for gangbrua. Helge Nilsen (KrF, nr. tre frå venstre) røysta med fleirtalet

Vedtaket vart gjort med røystene til Arbeidarpartiet, Høgre og KrF. Mindretalet på tre medlemer, samansett av Frp, Sotralista og Senterpartiet (Senterpartiet representerte også Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre) røysta også for å leggja ut planen til ettersyn, men med eit tillegg knytt til ny gangbru over Straumssundet mellom Branndalsåsen og Straume Sjøfront.

Det var spørsmålet om seglingshøgd for gangbrua som var hovudtema i debatten i saka. Mindretalet ville ha med eit tillegg i vedtaket om at seglingshøgda skal vera på 5,1 meter. Det er same seglingshøgda som for den planlagte brua på nye riksveg 555 (Sotrasambandet). Som følgje av at rådmannen si innstilling vart vedteken, står det fast at gangbrua over Straumssundet skal ha ei seglingshøgde på tre meter.

I saksutgreiinga går rådmannen inn for at Gamle Straumssundet bru, som har ei seglingshøgd på 2,4 meter, ikkje vert heva. Dette vert grunngjeve med at ei heving truleg vil krevja riving av brua og ei vesentleg auke i kostnadene med utbetring av brua.

Planområdet er på om lag 114 dekar og legg til rette for 500 til 700 bustader og rundt 1 300 kvadrameter næringsareal. Planen skal sikra ei heilskapleg, funksjonell og estetisk utvikling av Branndalsåsen. Planen fastset vidare plangrep for ein bymessig bygningsstruktur med areal for variert sentrumsutvikling og reine bustadområde.

.
Seglingshøgda for gangbrua mellom Branndalsåsen og Straume Sjøfront var sentralt tema i debatten på møtet i går. Skisse: Norconsult.

Planlegg utviding av Landro gravplass

Komité for plan og utvikling vedtok at detaljreguleringsplan for Landro gravplass skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for 550 nye gravplassar og 220 urnegraver.

I tillegg til utviding av sjølve gravplassen vert det lagt opp til å regulera fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen for å sikra forholda for gåande og syklande. I drøftinga av saka gav fleire medlemer i KPU uttrykk for glede over at det vert lagt opp til at fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen vert ein del av reguleringsplanen. Det er vidare føreslått at eksisterande sjeneflor/løe skal takast vare på og nyttast som reiskapshus.

I saksutgreiinga går det fram at det er behov for å auka talet på gravplasser på Landro. Det er no berre om lag 40 plassar ledige, og formålet med planarbeidet er å utvida gravplassen for å dekkja behovet i eit perspektiv på 20 år. Ei utviding vil også ha kapasitet til å møta behov i Nye Øygarden kommune

Tilrår plan for Møvik bustad- og næringspark

Komitéen gjekk samrøystes inn for å godkjenna plan for Møvik bustad- og næringspark. Planområdet er på 23 dekar og ligg i Møvika. Det vert lagt til rette for inntil 36 nye bustader i kombinasjon med næringsverksemd. Den etablerte småbåthamna ver vidareført utan særlege endringar slik som i gjeldande plan.

Statens vegvesen og fylkesmannen kom med motsegn til planforslaget. Motsegna frå Statens vegvesen er avklart og trekt, men det er ikkje kome til semje med Fylkesmannen. Kommunen kan difor ikkje eigengodkjenna planen. Med bakgrunn i innkomne merknader, innspel frå tiltakshavar og møte med Fylkesmannen og Statens vegvesen, er det gjort mindre endringar og justeringar i planen og føresegnene.

Det vert formell mekling med Fylkesmannen før vidare behandling i kommunestyret og eventuell oversending av saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Jon Inge Matre styrte møtet under saka om planen for Branndalsårsen.
Jon Inge Matre styrte møtet under saka om planen for Branndalsårsen.

Andre saker i KPU 6. mars

  • Organisering av arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra
    Komitéen stadfesta at Helena Morland Hansen skal vera saksordførar for planen.

  • Klagesaker
    Komitéen behandla to klagesaker. Komitéen var på synfaring knytt til tre andre klagesaker. Desse sakene kjem opp til behandling på seinare møte.

 
Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 07.03.2018 08:57
Sist endret: 07.03.2018 09:15