Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Møvika og Skoge til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag å leggja detaljreguleringsplan for Møvika og Skoge ut til offentleg ettersyn.

Planområde sett frå sør
Planområde sett frå sør

Planområdet er på om lag 100 dekar og ligg til dels på Møvika og dels på Skoge. Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av totalt 104 bustadeiningar innanfor tre utbyggingsfelt. Planen opnar for variert bustadutbygging med infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplassar.


Planområdet ligg på grensa mellom Møvika og Skoge, og tilkomst er via fylkesveg 559 frå Fjell eller via fylkesveg 210 frå Ågotnes. Rådmannen skriv at planframlegget er i hovudsak i samsvar med overordna planar og retningslinjer. Det er gjort nokre i planframlegget.

KPU behandla fem klagesaker. Ei av klagesakene vart sendt tilbake til administrasjonen for komplettering.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Akons




Sist endret: 08.05.2019