Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Skorafjellet på høyring

Komité for plan og utvikling vedtok på møtet i går å leggja detaljregulering for Skorafjellet barnehage, Kolltveit, ut til offentleg høyring.

Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.
Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.

Planområdet er på om lag 13 dekar. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for å flytta regulert barnehage og regulera småhusbusetnad med tre einingar. Det er planlagt å flytta barnehagen mot vest. Dette gjev tilkomst via offentleg veg. I utgreiinga skriv rådmannen at justering av plasseringa av barnhagetomta vil vera positivt for både barnehagen og det tilgrensa bustadområdet.

Komiteen behandla fire klagesaker.


Publisert: 20.09.2017 10:39
Sist endret: 20.09.2017 10:46