Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Smålonane ut til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KFU) vedtok på tysdag samrøystes å leggja plan for Smålonane på Straume ut til offentleg ettersyn.

Skisse; Sweco Norge AS
Skisse; Sweco Norge AS

Det var semje om at planen skulle leggjast ut til offentleg ettersyn, men i debatten vart det stilt spørsmål om det skal gjevast løyve til daglegvarehandel i tillegg til plasskrevjande- og detaljvarehandel. Komitéen samla seg om å ta vekk eit punkt i reguleringsføresegnene (pkt. 5.2.2) om at det kan etablerast daglevarebutikk på inntil to tusen kvadratmeter.

Etter vedtaket i komitéen vert det i planen dermed lagt til rette for om lag 19 tusen kvadratmeter til plasskrevjande- og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar, men ikkje daglegvarehandel på inntil to tusen kvadratmeter slik det var lagt opp til i reguleringsføresegnene. Etter at saka har lege ute til offentleg ettersyn, kjem ho tilbake til KPU som gjev innstilling til endeleg vedtak i kommunestyret.

Rådmannen gjekk, etter ei samla vurdering, imot å leggja planen ut til offentleg ettersyn med den grunngjeving av konsekvensane er usikre. Han meiner at det er vanskeleg å vita kva kvalitetsnivå og parkeringsløysingar for og sykkel kommunen skal leggja seg på. Det vert også vist til at kommunen manglar føringar for lokalisering av ulike typar handel som møter konseptet til tiltakshavar. Formannskapet skal den 4. april gje uttale til samtykke til handelsareal.

Anne Hesetenes (Ap) var ein av fleire medlemer som engasjerte seg i debatten om planen for Smålonane.
Anne Hestenes (Ap) var ein av fleire medlemer i KPU som engasjerte seg i debatten om planen for Smålonane.

Tilrår å godkjenna plan for barnehage

KPU går inn for at detaljreguleringsplan for Skorafjellet, Kolltveit, vert godkjend med dei endringane som kjem fram av saksutgreiinga. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for flytting av regulert barnehage.

Planområdet er på om lag 13 dekar og ligg innafor detaljreguleringsplan for Kolltveit Vest. Planen har lege ute til offentleg ettersyn. Det kom inn fire merknader til planframlegget. Som følgje av merknadene, vert det tilrådd å fjerna bustadområdet frå planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn. Kommunestyret tek endeleg stilling til planen.

Legg plan for Ranen, Foldnes, ut til offentleg ettersyn

Komitéen vedtok å leggja plan for Ranen, Foldnes, ut til offentleg ettersyn. Planen opnar for etablering av 17 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, opphaldsareal ute og leikeareal. Planområdet ligg på Foldnes, om lag tre kilometer frå Straume. I saksutgreiinga er det lagt inn ei rekkje endringar. Komitéen legg til grunn at svingen mellom den kommunale vegen og Vetelsvegen vert gjort vesentleg mindre «krapp» ved å utvida vegarealet og slik sikra betre framkomst. Det vart også lagt til at det er tiltakshavar sitt ansvar å etablera naudsynte avtaler om grunnavståing i samband med ei slik vegutviding.

Plan for Tibben, Trengereid

Det vart vedteke å leggja framlegg til detaljregulering for Tibben, Trengereid, ut til offentleg ettersym. Planen legg til rette for bygging av 17 bustadeiningar i form av rekkjehus og ein einebustad. Det er også lagt til rette for infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass.

Vil ikkje gjera om vedtak om dispensasjon frå støykrav

Det ligg føre klage frå Fylkesmannen i Hordaland på dispensasjon Fjell kommune har gjeve frå støykrav i arealdelen i kommuneplanen for oppføring av bustadhus på åtte bustadtomter på Bjorøyna. Fylkesmannen har klaga på dei åtte dispensasjonane ved å visa til at alle planar skal fremja helse i befolkninga. Han viser til retningslinjer for tolegrenser til ulike typar støy, der det for flystøy er sett ei grense på 52 desibel på uteareal.

I saksutgreiinga viser rådmannen mellom anna til at Fylkesmannen i april 2017 aksepterte at gjennomsnittleg støynivå for flystøy ikkje skal vera over 52 desibel, og ikkje på enkelte punkt vera over 55 desibel. I dette tilfellet vil støyforholda på opphaldsareala ute ikkje vera over 55 desibel.

Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen om at ein ikkje kan sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier omgjering av delegerte vedtak. Sakene vert oversende til Fylkesmannen i Hordaland til endeleg avgjerd.

Komitéen behandla totalt sju klagesaker. Ei av desse vart utsett for komplettering.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 03.04.2018 19:53
Sist endret: 03.04.2018 19:59