Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Straume Sjøfront til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag kveld å leggja framlegg til reguleringsendring for reguleringsplan for Straume Sjøfront (S4), Straume, ut til offentleg ettersyn.

Foto/skisse: Abo Plan & Arkitektur
Foto/skisse: Abo Plan & Arkitektur

Sjølv om alle i komitéen etter ein lengre debatt røysta for å leggja planen ut til offentleg ettersyn, var posisjonen (Arbeidarpartiet og Høgre) og opposisjonen (Frp, Sotralista, KrF og Senterpartiet) ikkje samde om føresetnadene for å leggja planen ut til offentleg ettersyn.

Fleirtalet på fem medlemer i komitéen (Arbeidarpartiet og Høgre) peika på sju punkt i sitt framlegg som vart vedteke. Det gjaldt mellom anna forholdet til handlingsprogrammet for regional transportplan, utforminga i nord som skjermar for støy, kvalitet på uteareal, tilpassing av husvære for ungdom og moderat auke i tal kvadratmeter bustadareal. Les heile vedtaket her, (PDF).

Mindretalet på fire medlemer støtta framlegget frå Daniel-Victor Sandvik (Frp) om at rekkjefølgjekrav som sikrar gåande på Gamle Straumssundet bru skal innarbeidast i planen før han vert lagt ut til offentleg ettersyn. I dette framlegget var det også krav om at det skal byggjast gangveg på nordsida av eksisterande bru. Les heile framlegget her.

Planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar, næringsareal, parkeringsplassar, offentleg strandpromenade og småbåthamn. Dette er ein auke i tal bueiningar samanlikna med gjeldande plan. Det er også lagt opp til å auka byggjehøgda til inntil 10 etasjar. Rådmannen har lagt til grunn at dei høgast bygga bør reduserast med mellom eín til tre etasjar.

Tilrår plan for Trettevika

KPU vedtok med seks mot tre røyster (Arbeidarpartiet) å leggja ut framlegg til detaljregulering for Trettevik, Bjorøyna, ut til offentleg ettersyn. Rådmannen gjekk i si tilråding imot å godkjenna planen.

Komitéen går inn for å leggja inn to tilleggspunkt etter forslag frå Statens vegvesen. Det er rekkjefølgjekrav om å stengja avkøyrsle med sykkelsperre i samsvar med reguleringsplan for fylkesveg 207 og rekkjefølgjekrav om å ferdigstilla gangsti mellom Vestrepollen og barnehagen før tiltak innanfor planområdet vert starta opp.

Planen legg til rette for bustader i eit område som i dag er samansett av fem fritidsbustader. Planframlegget opnar for fem bustader med totalt seks bustadeiningar. Fylkesmannen har kome med motsegn ettersom planforslaget er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Han meiner at planen kjem i konflikt med strandsonevernet, landskapsverdiar og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Frå møtet i KPU på tysdag.
Frå møtet i KPU på tysdag

Tilrår plan for Bildøyvegen

Komitéen går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Bildøyvegen, Bildøyna. Planen gjev grunnlag for utviding av ei vegstrekning på 1,3 kilometer med trafikksikring, gang- og sykkelveg, kryssutforming og andre fysiske tiltak.

Planen gjeld strekninga mellom kryss mot fylkesveg 258 ved gamle Bildøy bru til gamle Straumssundet bru. Vegen er planlagt med ein breidde på 5,5 meter pluss vegskulder og rabatt. I tillegg kjem gang- og sykkelveg på tre meters breidde. Det er lagt opp til ei fartsgrense på 50 kilometer i timen. Prosjektet er kostnadsrekna til 44,8 millionar kroner.

Etter offentleg ettersyn har det kome 13 private merknader og fråsegn frå fire offentlege instansar. Etter gjennomgang har rådmannen funne grunnlag for å koma i møte ein stor del av merknadene, men ikkje alle. Planen går no til sluttbehandling i kommunestyret.

Plan for Straumsfjellet

Komitéen vedtok å leggja framlegg til detaljregulering for Straumsfjellet, Arefjord, ut til offentleg ettersyn med dei endringar som går fram av saksutgreiinga. Planområdet på 16 dekar sentralt på Straume har som formål å leggja til rette for fem bustadblokker med til saman 83 bustadeiningar i tillegg til vegar, gangareal, parkering, opphaldsareal ute og leikeareal.

Komitéen behandla ni klagesaker. Ei av dei vart utsett for synfaring.

 


Publisert: 08.05.2018 19:42
Sist endret: 09.05.2018 10:38