Facebook ikon Twitter logo Print side

Liljevatnet-klasse til finale

5. klasse ved Liljevatnet skule er klar for finalen i «Skoglekene 2019". Som eín av 12 skular i Noreg, er Liljevatnet skule teken ut til finale på Norsk skogmuseum på Elverum onsdag 5. juni.

5. klasse er klar for finale.
5. klasse er klar for finale.

Vegen fram til finalen har vore delt inn i tre rundar. Rektor Dagfinn Ellingse opplyser at elevane har brukt «Eventyrskogen» som ligg bak gamle Knarrevik skule som sin «nærskog».

- I runde eín var oppgåva «Naturens forundringssti». Denne oppgåva gjekk ut på å finna og løysa 10 postar/oppgåver som var plasserte ute i skogen. Temaet i oppgåvene gjekk på dyre- og planteliv i skogen,berekraftig utvikling og friluftsliv. Formålet var å skapa grubling, undring og diskusjonar, heller enn fasitsvar, seier Ellingsen. Denne oppgåva vart gjennomført i perioden frå 7.januar til 1.februar.
Runde to hadde som tema «Oppdrag skogen» Klassen vart presentert for seks ulike oppdragskort og valde ut eit oppdrag til å arbeida med. Oppdraget som vart valt, hadde som overskrift «Menneskets bruk av skogen».

- Elevane laga eit kunnskapstre der dei hadde fakta om skog, trær og klima. Vidare laga dei ei spørjeundersøking til heimane og medelevar om bruk av skogen der dei prosentvis og i sirkeldiagram mellom anna framstilte bruk av skogen. Elevane laga og teikneseriar med Creaza der dei fekk velja emne innafor klima, skog og natur, seier rektoren.

Elevar

Denne oppgåva (runde 2) vart gjennomført i perioden 11.februar til 26.april. Alle oppgåvene vart sende inn til vurdering.

Finale

Runde tre er finalerunden på Norsk Skogmuseum på Elverum den 5.juni. Finalelaget er samansett av fire elevar frå klassen. Kostnader med reise og opphald vert dekt. Det er pengepremiar til dei tre beste skulane, (5000/3000/2000 kroner).


Sist endret: 21.05.2019